only photograph what you love.

denne veka var eg på eit foredrag med tim walker her i oslo, min livshelt og utømmelige inspirasjonskilde. me fekk blant anna sjå hans nye kortfilm, the lost explorer, som var så fantastisk fin, og høyra han snakka om fotografering og prosessar og modellar og personar i eit par timar. eg lærte masse, men det viktigaste var eit sitat som eg har delt før som det faktisk det var richard avedon som sa og som eg trur at eg har gløymt litt ei stund men som eg føler meg heilt varm i magen av å berre tenka på. “only photograph what you love”. eg skal altså fotografera:

Down The Rabbit Hole11_16planter og blomar i alle slags formar. vinduskarmar, botanisk hage, potteplanter, bukettar.

 

Roof Top Photo Shootjenter. med klede, utan klede, framifra, bakifra, skjøre, sterke.

 

 

Tenby.San Francisco TiltPoz 3
hus og snirklete bygningar. helst på reise, med passet på innerlomma, eller å utforska ein heilt ny by.

 

 



klede. elskar å jobba med klede, korleis det rynkar seg og aldri høyrer etter og gjer eller øydelegg eit heilt bilde. åh drømmer om å fotografera lookboks med skjøre flagrande stoff og peter pan-kragar.

 

Different cakes (and polka)


mat. korleis naturen har teksturar inni seg sjølv og korleis lyset legg seg rundt det, korleis eit bilde kan følast om det berre er av mat, fordi folk har så sterke kjensler knytt til måltidet, knytt til etterpå. elskar kjensla av etterpå, av noko som har vore, spesielt i bilder av mat og bordsettingar.

winter sleepkiss herchristmas day.
kjærleik. åh kjærleik er det beste som finst av alt som finst. ein gong i framtida skal eg ta eit heilt år der eg berre tar bilder av kjærleik. klinande knullande elskande smilande grinande kastande klemmande par og kjærleiken deira. det blir nok best. trur eg skulle vore bra på det óg(om du ikkje klarar å venta til eg kjem med eiga bok er ei av mine favorittfotobøker om emnet av chris craymer og den heiter romance).

i tillegg elskar eg ballongar, gullfarga fliseklemmer, bøker, lukta av film, enorme paraplyar, trekanta telt, han der fine, dokkehus, globusar, vennene mine, vin, folk som er fine når dei er fulle, jenter med gamle kamera i hendene og høge sekstenårgamle gutar som ikkje heilt skjønnar kroppen sin enda.


this week i was at a lecture with tim walker himself. i learnt alot but the most important thing he reminded me of what something his former employer, richard avedon said: “only photograph what you love”. i love: plants and flowers. houses in foreign places, exploring. girls. clothes and the way they make or break a photograph. food, especially the feeling of something after the fact through pictures of it. love. in addition to those things, i love balloons, gold bobby pins, books, the smell of film, huge umbrellas, triangle tents, j, doll houses, globes, my friends, wine and the stains they leave, people who look beautiful when they’re drunk, girls with old cameras in their hands and tall sixteen year old boys who don’t really understand their bodies just yet.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *