marselis’ gt. 24.

snart flyttar eg og han der fine ut av denne leiligheten. det føles litt rart og litt trist men mest fint, egentlig. sjølv om oslo har lært meg uendelig mykje føler eg meg ferdig med oslo. eg er klar for london, klar for større eventyr, klar for nye impulsar og ein ny by å gå meg vill i. men før den tid tenkte eg at me skal gå gjennom sånt som har skjedd i denne leiligheten, denne byen, tenk kor mykje eg egentlig har dratt dykk med på!

first two days in oslooslooslosunday partypolkadots and licoriceparty.december babybarhopping.cherry blossom day.first day in the park.first day in the park.saturday.saturday.the day he proposed and how normal it started.weekend.weekend.last day in oslo. perfect sunday.longest day of my life.i heart ikea.a very nice meeting/kval&actionfilm.the last friday in august. monday afternoon and night.girls' night out.girls' night out.saturday.saturday.friday and saturday in october.friday night/letter number two.friday night/letter number two.thursday night.birthdaypartysaturday night.saturdaysaturdayamputee saturday.friday night.friday night.tuesday.tuesday.skogsvann.release party.drunk.hair.weekend.done.thursday.done.saturday.thursday.thursday.friday.

den dagen pappa reiste og eg låg på golvet på badet og grein og tenkte at dette går ikkje bra i heile tatt, det er for stort og kaldt og forurensa. den dagen det hagla på bare jazz og janne hadde kjøpt ny sekk og fredrik var på operataket. den helga christine og ingvild var her og me køyrte oss vill og fant aldri det loppemarkedet men det gjekk bra for me hadde øl. den dagen eg slutta på skulen og tenkte at no er det faenmeg nok, no sluttar eg. uendelig mange frukostar i senga og ostekaker midt på natta. den kvelden eg og janne barhoppa på grünerløkka og teikna markjordbær på nighthawk diner. på bursdagen til han der fine då eg tatoverte eit hjarte på håndleddet og pakka det inn med silkebånd. kirsebærblomane i botanisk hage og parkheng heile dagane. den dagen mamma ringte og sa at dei hadde funne kreftceller, pappa hadde kreft og dei to sekunda med frysningar før tårene kom. iskaffe/te på cafe di roma. den dagen han fridde i kubaparken og eg klarte ikkje å sei noko som helst, berre nikka, berre smilte, berre grein. milkshake på ryes. den fantastiske kvelden som endte opp på blindern og med eit heilt tre i veska på veg heim. den dagen me reiste til ikea og lata som om me budde der. å snakka om gutar med heidi & caroline. den første kvelden eg møtte synne og fekk jelloshots og ho sa at ho vart med til london og eg trudde på ho fra første sekund. mikla og ragnhild og jostein. netter på revolver. sigrid. <3 helga sonja var her og me kasta blad i frognerparken. turen rundt sognsvann då me berre snakka om bryllup og om framtida. releasefesten til nyfødte fivrel. au revoir-festen min før eg reiste til paris og velkommen heim-festen min óg. den natta me leikte ring på spring på heile grünerløkka og var våkne til sola for lengst hadde stått opp. timar i frisørstolen på balanzera. yoghurt heaven-yoghurtis og blomar på stortorvet. tre fantastiske magasin og mange fantastiske nye personar. og at eg aldri i livet hadde klart å skriva dette innlegget utan å grine. herregud, oslo.


my time in oslo is coming to an end. this is a summary of my time here. a lot of tears and a lot of laughter. i’m ready to leave for something bigger, a bigger city, bigger plans, but i’m going to miss it oh so much. most of all: those two days in april it takes you to realize spring is here. and my friends, i will love them till the day i die, no matter where they are.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *