baby.

the magazine.

i dag kom magasinet, nummer tre, parisutgåva, mitt tredje barn. eg er så stolt og så glad og så kry! det er heilt fantastisk, akkurat som eg ville ha det og enda bedre enn det. ingenting føles så bra som å føla at ein virkelig har jobba hardt med noko også blir det skikkelig bra. eg har 27 kassar fylt med gode kjensler i leiligheten min no. det er trangt men føles ganske så trygt egentlig. HURRA!

om det er nokon som lurer på kven det er som er med denne gongen, kjem ei lita liste her: victoria durnak, nanó wallenius, anna malmberg, bjørn sortland, julie pike, maja casablancas, ingrid rognstad, charlotte boeyden, lisa lindøe og eit par andre fine personar. i pariskapittelet bidreg alle vennene som var i paris for å besøka meg, samt derek som eg budde med og ein del personlige tekstar som eg har skrive(både fiksjon og ikkje). i tillegg er det jo ein fantastisk paris-guide som tar ein med inn i ei fantastisk parisboble ein kanskje aldri vil ut av.

no syns eg at de skal bestilla til fingrane blør, og om de er redde for å bestilla og bur i oslo så er det allereie til salgs hos balanzera i sofienberggt., også er det i salg dei andre plassane neste veke! (altså tronsmo & frøken dianas i oslo, kostym i bergen og pryd(mercur) i trondheim)

translation:
today the magazine came! i’m so so happy and proud, it’s amazing and just the way i wanted it to be. it feels so good to have worked so hard at something that turns out this great. so now i have 27 boxes of warm fuzzy feelings in my apartment. it’s kindof crowded but it feels safe in some way. YAY!

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *