hjartemagasinet.








magasinet er på veg til å ta endelig form, det er så magisk kvar gong det skjer og eg samanlignar det ofte med å føda. eg og caroline sat i mange mange timar i går for å gjera det heilt perfekt, og no syns eg det er så fint at eg vil eta det opp og bruka det som pute når eg ligg i senga og fantaserer om paris, på om alt berre var eit eventyr om ein heilt annan person liksom.

men no, folkens! no syns eg at de skal bestilla til fingrane blør for i morgon sender eg magasinet til trykkeriet! eg har måtta ta hensyn til at eg faktisk flyttar til eit anna land til hausten og ikkje har mulighet til å ta med meg kassar fulle av magasin til england, og opplaget er deretter, så eg vil anbefala at dei som har lyst på magasinet bestiller det snart. alle plassane der det har vorte solgt utanfor internett vil óg selga nummer tre, så om de heller vil venta og kjøpa det på ein utsalgsstad, så er det jo berre å tvinna tomlar imens.

de bestiller i menyen til høgre på hovudsida. klikk her for å komma dit! suss, de er best.



yesterday caroline and i worked at the magazine for hours and hours and tomorrow morning it will be sent to the printers office!!! so if you want a copy i would advise you to order one now as i haven’t ordered too many compared to last issue(which sold out).

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *