pizza.

pizza

helst ser eg at han der fine lagar pizza ein gong i veka, helst laurdag eller fredag og medan eg høyrer på seksitalsjazz, drikk raudvin og jobbar og me snakkar om livet og om veka me har hatt. han lagar ein heilt sinnsjukt bra pizza, gong på gong på gong, og det er så mange som har spurt så her kjem det: han der fine si pizzaoppskrift(den lagar to langpannepizza med tynn botn):

deig

3-4 dl mjøl(vanlig kveitemjøl eller fancy pizzamjøl)
3 ss god olivenolje
10 gram tørrgjær
1,5 dl vatn
1 ts salt

sett på omnen på 250 grader. bland olje og lunka vatn og gjær. rør inn mjølet litt og litt til deigen ikkje klistrar. då tek du han ut og eltar han. og dette er kjedelig, for ein må stå og kna den stakkars deigen i kanskje eit kvarter, til den blir så mjuk at ein vil eta den rå men då må ein legga den under eit teppe og synga til den medan den hevar så lenge ein orkar å venta, helst minst ein halvtime.

når deigen er ferdig heva, tek du ei vinflaske(eller ei kjevle om du er så fin på det) og kjevlar ut halvpartane av deigen på kvar sitt steikebrett, veldig veldig tynt, så tynt som det går an utan at den ryk(og om ein gjer det så lappar ein den saman som eit sykkeldekk, men med deig). avhengig av korleis du likar botnen steikt kan du forsteike med eller utan saus på. viss du har på saus slepp du sånne store luftbobler ein får om ein forsteiker utan saus. så tar ein den ut, kastar på fyllet og vips inn i omnen igjen!

creme fraiche/rømme-saus

creme fraiche/rømme
salt
grovkverna (helst fersk) pepar
hakka kvitlauk
urter, helst ferske: persille/basilikum/oregano/merian
(om ein brukar tørka urter kan ein ha i ganske masse for det smakar så lite også er det fint å sjå på)

bland alt til ein bra saus, smak medan du lagar. alt skal altså vera kaldt, og ikkje ver redd for kvitlauken. det blir så godt så. smør utover pizzaen som skal vera ganske så tynn, så kan ein ha på bra greier, me likar: mozzarella, blåmuggost, raudlauk, valnøtter, fersk ananas, tynne skiver bacon, smørsteikt sopp.

tomatsaus

heile tomatar på boks
hakka kvitlauk
salt
grovkverna (helst fersk) pepar
urter, helst ferske: persille/basilikum/oregano/merian
lauk

hell tomatane i ei panne saman med litt vatn og pyttelitt olje. ha i lauken og eventuelt ein klunk raudvin og lat sausen småkoka så lenge du har tid til, jo lenger jo bedre. så må ein få knust tomatane på eit vis, han der fine brukar stavmiksaren i ca seks sekund så det meste blir knust men med litt klumpar att. da er det enklare å smørja den jamnt utover botnen. på denne pizzaen likar me: mozzarella, jarlsberg, krydra skiver av chorizo eller salamiliknande spekepølse(kvalitet over kvantitet), valnøtter, ruccola.

dressing
yoghurt naturell/kesam
grovkverna (helst fersk) pepar
kvitlauk
salt

dette er basen i dei fleste pizzadressingane våre. så varierar me litt fram og tilbake med til dømes dijonsennep, lime, vineddik, krydderurter(basic som basilikum eller modig som koriander), indiske krydder som tandoori masala. ein må vurdere det utifra kva anna ein har på pizzaen. om ein har mange smakar på pizzaen er det greit med få smakar i dressingen, og omvendt. basen er veldig god for seg sjølv óg, om ein vil safe det. om ein har creme fraiche/ rømmebasert pizzasaus, er det kanskje greit med ein dressing som smakar litt annleis, til dømes syrlig(lime er min favoritt, til alt som er godt. creme fraiche + lime + grovmalt pepper + litt salt). det var vår pizzaoppskrift! håpar de lagar noko skikkelig kickass mat til flotte personar i helga, det skal i alle fall eg!

 


this is the recipe for my fiancee’s amazing fantastic pizza. email me for the recipe or try google translate!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *