duse pastellar og sirkus og sand.

det er så kjipt at ein kun får gifta seg éin gong. no seier eg ikkje at eg ikkje skal gifta meg fleire gongar enn éin(men med samme person såklart), men at det liksom er forventa av samfunnet at ein giftar seg punktum ferdig med det. eg skulle så gjerne hatt ein masse typar bryllup:

ute på ei strand utan sko med tusenvis av blomar. bryllup på femtitalet. tredagarsbryllup med streng kleskode. bryllup med born og bryllup utan born. sirkusbryllup. bryllup på ein båt. bryllup med berre nære venner og familie. bryllup der alt går i pastellar. men om eg får berre eitt einaste eitt så vil eg at det skal følast sånn:

he had a way with words

eg vil at det skal vera trygt men samtidig ha det pirret i magen som seier at ein skal binda seg til nokon som ein elskar og feira det til dei små timar. eg vil at det skal følast som ein to dagar lang søndagsbrunsj. eg vil at det skal følast som surret i hovudet etter å ha kjederøyka ti sigarettar. eg vil at det skal følast som å flyta i eit basseng. eg vil at alle menn har sløyfer og alle jenter har blomar.

neste år skal eg gifta meg. eg og han der fine, det føles heilt absurd og heilt fantastisk. éin ting har me i alle fall bestemt, og det er at bryllupet blir i london. og det er framskritt berre det. anten i eit stort majestetisk hus med snirklete tapetar og tak, eller i eit stort telt i ein nydelig hage. og så som eg gler meg. til invitasjonar og fargeskalaar og kjolar(!!!!) og snop og makronar og smoking og sløyfer og sussing og grining også å reisa vekk til ein magisk plass som kanskje ingen veit om.


next year i’m getting married and although i’m very much looking forward to it i wish it had been more acceptable to have more than just the one wedding, i’m going to be so sad when i don’t have a wedding to plan for anymore. i want it to feel like a two day long sunday brunch and floating in a swimming pool. i want it to feel like the buzz from smoking ten cigarettes while sitting down and then standing up. at least we know one thing: the wedding will happen in london, which is progress no doubt.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *