hjartemagasinet i paris.

no kjem det endelig litt info om det kommande magasinet! eg vil ikkje sei så altfor mykje enda, de får vita navn og sånt litt etter litt, men det eg kan sei er dette: det kjem til å ha samme format som sist, og kjem til å vera litt tjukkare. caroline weseth skal illustrera heile magasinet også denne gongen, og framsida(og eg er sjukt gira og overlykkelig for det), og ho skal hjelpa meg å optimalisera saker og ting så det blir så lesarvennlig som mulig. nummer tre kjem til å bli delt opp i tre delar:

 

paris.

sjølvsagt. dette blir den største delen av magasinet, og den kjem til å inneholda ein masse ulike underdelar(hihi underdelar), som til dømes fotografi, kvitteringar, sånt som eg har scanna, små tekstar, illustrasjonar, små morsomme greier, mi dagbok. det blir eufori og tårer og latterkramper i senga og brutalt ærlig mariell, som de nok aldri har sett meg før. håpar eg, og de, taklar det. noko anna som eg ikkje har sagt enda er dette: absolutt alle som har vore her i paris og vore med meg skal vera med i magasinet. altså sigrid, fredrik, heidi, janne, han der fine, derek, og andre som kjem no framover. dei får bidra med akkurat det dei vil og det er fullstendig uforutsigbart, sjukt fint vel? og minst like stor som den personlige delen blir parisguiden. kvar einaste dag er eg ute på livet for å finna dei beste plassane så de kan ha det magisk fint når de reiser til paris i framtida. magasinet kjem til å komma seint i april. til dei som skal til paris før dette og sårt vil ha guiden før den tid kan maila meg, men berre om de har kjøpt magasinet, så kanskje eg kan gi vekk nokon tips. eg kan ikkje lova at eg har tid til å svara så veldig utfyllande, men eit par tips til ein helgetur skal eg klara. men kjem ikkje til å gi ut nokon adresser før starten av april, for det har eg rett og slett ikkje tid til.

tekst.

andre fine personar som eg så gjerne vil at skal skriva er ikkje alltid i paris, og er ikkje eingong folk som eg kjenner så godt. her vil det bli ein fantastisk pose drops med svenske og norske forfattarar/skribentar. dette er noko av det eg gler meg mest til, å sjå korleis dei ulike personane tolkar feelingen til magasinet på kvar sin måte. det blir så bra.

bilder.

sidan sist nummer har eg samla fantastiske jenter som lagar bilder med blyantar og kamera og andre magiske verktøy. denne delen kjem til å vera ein eksplosjon av inspirasjon, med bilder av jenter og skrubbsår på knea og kvite laken og sølte tekoppar og tårevåte ansikt og store smil. og ingenting av dette har eg sett enda, det blir skapt akkurat no i idéar og i moodboards og det føles ikkje eit sekund usikkert, eg veit at det kjem til å bli dritbra.

magasinet kan de kjøpa her om de vil. er det andre ting de lurer på angåande magasinet eller oppholdet i paris så får de versågod spørja alt de vil! om de har konstruktive tilbakemeldingar på det forrige nummeret, ting som eg kan gjera bedre vil eg veldig gjerne vita det så det kan bli så bra som det berre kan!


information about the magazine! this issue will be divided into three parts. paris, text and image. the paris-part will be the largest one, containing my journal and my photography, texts and thoughts and things that hurt. scans, receipts, illustrations, whatnots. everyone who has been here to visit is also joining in, doing their own spin on paris for the magazine! also, a large part of the magazine will be my guide to paris. sounds great, non? for the text and image part, i have invited a lot of young artists from around the world to join me in the making of this wonderland magazine with their writing, photography and illustration. anything else?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *