ein liten laurdag med svigers.

saturday with the in-laws.
i går morgon vakna eg med armen rundt han som eg syns er finast på heile kloden. me tok oss til ein loppemarknad som nettopp stengte men eg fekk akkurat kjøpt noko bra til éin euro. me trøsteåt petit fours, sidan det trass alt var laurdag.

saturday with the in-laws.
så strosa me litt rundt og bestemte oss for å kryssa av ein restaurant på lista mi. eg har nemlig ei liste over plassar eg skal reise til før eg skriv parisguiden min, som eg har researcha meg fram til, og ein av desse åt me på i går. han der fine fekk penne og basilikum.

saturday with the in-laws.
eg fekk ein club sandwich, det slår aldri feil.

saturday with the in-laws.
det var ganske kaldt å sitta ute men det var sol óg.

saturday with the in-laws.
så såg me litt på utsikten.

saturday with the in-laws.
og snakka litt om korleis paris er bygd opp. for tenk, så mange smale og høge bygg er jo heilt ulogisk egentlig. korleis starta det, kva kom først? skal finne ut. etter det satt me superlenge på ein kafé, drakk kaffe og høyrte på lykke li hurra!

saturday with the in-laws.
så gjekk me til italiensk restaurant der eg fekk ein heilt sjukt sjukt sjukt god pappardelle med pølse fra toscana og saus med paprika og squash.

saturday with the in-laws.
til dessert: basilikumsorbet! og det er eg så sjukt glad i, eg og han der fine fekk det i stockholm på ein restaurant ein gong og etter det har eg tenkt at det så gjerne skulle vore i frysedisken men det finst ikkje. eg bestilte dagens sorbet og fekk basilikum og mango. det er skjebnen det. bra, skjebnen.

saturday with the in-laws.
mi finaste svigermor som spanderte kalaset.

saturday with the in-laws.
etter det tok me metro heim, eg og han der fine. me drakk fransk cider og spelte kort og åt lakrisbåtar. og det var den laurdagen.

i dag er det allereie søndag og i morgon reiser han tilbake til norge og det føles tungt i brystkassa men samtidig så føles det himla mykje greiare enn det gjorde for ein månad sidan då han lukka døra bak seg og etterlot meg aleine i denne byen. finn ikkje ord som forklarar kor godt det føles, at det skal gå bra. at det går bra. må finna på eit nytt ord kanskje. uansett. var berre det. håpar de har bra søndagar, det skal eg iallefall.


yesterday: a failed trip to a flea market turned into petit fours to comfort us and then we wined and dined at a fancy restaurant. after that, we drank coffee and headed to an insanely great italian restaurant where i ate pappardelle and basil sorbet for dessert. <3 after that we went home, ate licorice and drank french cider and played cards.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *