å feira.

akkurat no feirar eg ein million ting samtidig, men så finst det berre eit par saker som eg kan dela. som til dømes at eg har budd i paris i ein heil månad utan problem, at det har gått fint, at eg og han der fine klarar oss heilt fint i forskjellige land sjølv om me saknar kvarandre. eg feirar at eg klarar å gå på kino aleine og på kafé aleine, og det var to store delmål på vegen som, tykkjer eg, alle jenter bør ha som stafett for seg sjølv. eg feirar óg ei heilt sinnsjuk lesarauke sidan eg flytta til paris og konkluderar med at de likar bloggen i ein større by. og det passar jo bra sidan eg flyttar til london til hausten med han der fine. noko anna eg feirar er at han der fine og foreldrene hans kjem hit i morgon. med jarlsberg og lakrisbåtar. og innimellom der feirar eg at det skjer så mykje fantastisk som framleis er hemmelig, og at eg veit at de kjem til å bli så glad når eg endelig kan fortelja. snart skal eg starta med å fortelja om magasinet, kven som skal vera med og korleis det blir. det feirar eg óg. magasinet mitt. min store stolthet her i livet er det faktisk, og så sjukt takksam eg er for at eg får driva på med det kvar dag. også feirar eg at lykke li har komt med nytt nydelig album som ligg på spotify. eg har spilt den herfra til himmelen dei siste dagane og sittedansa som ein vind, det burde de óg.

så heldig for meg at eg har så mykje å vera glad for, for eg er dritflink til å feira. veit berre ikkje med kva enda. skal holda dykk oppdaterte. kanskje blir det eit glas med vin eller kanskje blir det restaurantmiddag eller kanskje blir det min første parissykkeltur, kven veit. om de har noko å feira så syns eg at de skal gjera det. om de ikkje har det så syns eg at de skal få det. typ vinn eit spel på internett eller klipp ein centimeter av håret ditt. folk kastar vekk altfor mykje tid på stress når det finst så mykje å vera glad for om ein berre ser etter. det blir dagens leksjon. sjå etter. skriv ned. hugs. for kva er poenget ellers? sånn tenkjer i alle fall eg.


this is a tribute to the celebration of day-to-day life. today i’m celebrating a number of things, and i think you should too. what’s the point of it all if you can’t?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *