fredrik og janne, deux.

helg.
på morgonen søndag møtte me opp heidi på jussieu. me var utsvoltne og tørste og eg var flau og fnisete etter kvelden før så me gjekk for å finna ein frukostplass.

helg.
rett ved notre dame vart det. med masse bokhyller.

helg.
kaffe og juice.

helg.
quiche! vegetar sådan, veldig god.

helg.
fredrik åt eplekake til dessert som ikkje var noko god.

helg.
det var så fint lys der inne på grunn av dei rare rutene. me satt der lenge lenge og snakka om sex og franske gutar som ikkje klarar å holda hendene sine for seg sjølv.

helg.
i taket var det malt himmel, ganske så fint. så gjekk me for å møta moa som hadde mista kortet sitt, så me åt trøstecroissantar mens eg var mest stille med panna mot bordflata.

helg.
me bestemte at eg måtte få opp humøret og at me skulle gå ut og drikka øl i oberkampf. på vegen åt me crepes mens me jamra om kor godt det var med pannekake med egg og ost på.

helg.
ein mojito vart det på meg. blurry sådan.

helg.
fine glad-janne.

helg.
her har heidi nettopp sagt noko ekkelt og er veldig nøgd med seg sjølv.

helg.
<3

helg.
moa. moa har dei finaste fregnene, på venstre kinn formar dei ein sjøhest! tenk så magisk. me satt der fram til dei stengte, spelte spel og leika leikar, også rulla me heim i ein taxi og rett i seng.

helg.
i går var siste dagen dei var her, me starta den med utefrukost. her er fredrik sitt egg.
helg.
brødkorg. tenk litt på dette: økologisk nøttebrød med kvit sjokolade på. som nutella, men kvit. DØR.

helg.
og fruktsalat til alle. noko av det søtaste her i paris er når servitørane snakkar engelsk og er så sjukt krye for at dei får øvd seg litt. spesielt om dei berre har sett på hercule poirot og sånt. og det var den helga!

ps: no finst fivrel på spotify! hurra!


the last pictures from my weekend. we went out for breakfast two days in a row, talked about sex and disgusting french boys and comforted moa with croissants when her visa card went missing. yesterday was their last day here and we ate breakfast out, organic bread with white chocolate spread. <3

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *