fire små saker.

1. de har vel fått med dykk at det no er mulig å forhåndsbestille magasinet? det syns eg at absolutt alle som vil ha det skal gjera, tenk kor fint å ha det ute av verda, og tenk for ei fin overrasking det er å få den i posten når ein litt hadde gløymt det. det er óg mulig å kjøpa ei skikkelig bra pakke, både paris-magasinet og ep’en til han der fine for berre 180 kroner. (det er fleire som lurer; ein ep er som ein vanlig cd! ein kan spela den på vanlige cd-spelarar.) snart kjem det meir info om magasinet óg, berre hold ut!

2. eg vil igjen få sei ifra om at eg er tilgjengelig for å ta på meg heimesideoppdrag for alle som treng det. eg har til no laga heidi og han der fine sine, og jobbar med tre ulike no, alle tre fotografar, men tar gjerne på meg fleire! om du er interessert, send meg gjerne ein mail: mariell.oyre(at)gmail.com

3. mange spør om adresser og sånt når eg bloggar fra paris, og eg må gjenta at eg ikkje kjem til å gi vekk nokon adresser før magasinet kjem. eg veit at fleire har blitt skuffa på grunn av dette, men det må berre bli sånn.

4. i det siste har de vore heilt sjukt flinke til å kommentera, og eg vil at de skal vita at det har gjort det enklare for meg å takla kvardagen her nede. veit at det er mange som lurer på korleis det går, det kjem ei oppdatering snart men essensen: eg har det skikkelig skikkelig bra.


just four things i’d like to say today; pre-order the magazine here. i’m available for homepagemaking. i’m not going to give away any adresses in paris before the magazine is done. i love you for commenting so much lately.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *