mine linkar og sånt.

no tenkte eg at me skulle gå gjennom linkelista her på bloggen. der er det stadig utskiftingar og endringar, alt ettersom kva eg les akkurat no. linkane er i alfabetisk rekkefølge og dei står i to kategoriar: bloggar og foto. så! versågod:

 

elsa


elsa billgren, ei av dei vakraste kvinnene eg veit om og eit av mine største inspirasjonskjelder, både på korleis ho lever livet sitt og korleis ho ser ut. ho bloggar om vintagekjolar, blomsterbukettar, kjærleik, katt, kyss, jobben sin hos mgp sverige, utekveldar med venner og mykje vin. ganske så fint.

elise


som dei fleste jo veit har eg møtt elise for å fotografera ho, og eg syns ho er ein av dei bloggarane på topplista med mest integritet. ho har bra smak og er smart, og det er to ting som eg alltid set pris på. dessutan har ho vore brutalt ærlig om depresjonen sin den siste tida, noko eg har syns har vore skikkelig inspirerande og sjukt modig. <3

emmy


ein av dei finaste bloggane eg veit om, sjølv om ho oppdaterar veldig sjeldan. ho tar skikkelig fine bilder av ting som ho gjer, typ kjolar ho syr og mat som ho lagar.

flora


flora er ganske ung men minnar meg veldig om korleis eg var sjølv på hennar alder. superfine framtenner! hihi. ho tar så fine bilder og har så fine klede og er så glad.

hallonsemla


rebecca skriv om loppisfunn, ferda mot å bli konditor(trur eg), og fint om kvardag og katt.

ida


kaniner og bestemorsko og loppis. bra og fint.

ina


ina har de jo sett på bloggen her før! ho bloggar om altmulig, loppisar, kjærleiken, kvardagen, skule, mat, film, foto, reise.

jessica


jessica er ein av dei mest talentfulle personane eg veit om, og eg er så glad for at eg får jobba med og vera venn med eit så inspirerande menneske.

julia
inspirasjon på boks.

julie


ein av mine beste venner, ho bloggar mest webcambilder og har vel egentlig gitt opp blogginga for lenge sidan, men ho er fin likevel.

kval og actionfilm


ein av mine favorittbloggar, også er eg så heldig at eg kjenner både kval og actionfilm og har fått lov til å jobba med dei begge med ulike prosjekt. dei er som to energisøyler som lyser opp alle rom dei befinn seg i, dei er smarte og morsomme og gode og flinke og bra.

linn
så sinnsjukt flink til å skriva. ho bloggar om sånt som er vondt og sånt som er godt og fin musikk og fine filmar og ein har alltid litt vondt bak ribbeina etter å ha lest linn sin blogg, men oftast på ein god måte.

linnéa


linnéa er vel egentlig min motpol i bloggverda, men eg har enorm respekt for ho og det ho gjer. og me er nok meir like enn folk trur, i kjerna. også har ho sløyfe i håret, da.

lolita
side på side med inspirasjon!

maja


maja slutta å blogga for ei stund sidan, og det syns eg var skikkelig dårlig gjort. heldigvis ser eg ho across a crowded room avogtil, på ein fest eller ein trikk eller i stova mi. ho er veldig dyktig og veldig fin og snart skal me jobba saman óg.

marianne


marianne er så søt! eg og ho er veldig like, og for ei stund sidan hadde me ein ganske så fin dag ilag her i oslo, med vintageklede og makronar, hjartesmil-style.

mariel


så.søt.

marte


ein god venn av meg og ho veit tusen interessante ting som ein ikkje berre veit utan vidare. ho er så sterk og så flink og har klart å dra seg sjølv opp av gjørma fleire gongar enn eg har hårstrå på hovudet, og det står det skikkelig respekt av. alle aspekt ved marte sitt liv inspirerar meg og mange andre.

mina


fellow redhead med forkjærleik for foto og kjolar. skriv om sin fine hund, om klede, om kvardag og kjærleik og om å bli kjent med seg sjølv. eg las ut heile bloggen på ein dag for den er så fin.

miriam


miriam skriv om second hand i stockholm, om kakebaking og om dansing i førtitalskjolar og sko, om å vera feminist sjølv om ein har kjole og bakar. og alltid så himla fin på håret.

mrs. wolf


så fin at ein vil putte ho i eit glas og sjå på ho. sjukt fine bilder.

sandra


sandra er ei magisk lita verd i seg sjølv og eg respekterar ho så himla mykje. ho skriv tekstar om nitti centimeter breie senger og om å kasta yoghurt i veggen av frustrasjon, også skriv ho óg om alt det som er fint, dei små magiske tinga som gjer at ein står opp om morgonen sjølv om det er så kaldt at ein helst vil sova til mars.

sigrid


ein av mine beste venner og skriv dei finaste teksta
ne som eg syns at alle burde lesa. me gjekk fra framande til venner på eit par månadar og det skjer ikkje så ofte for meg.

underbara clara


finaste flinkaste clara som nettopp har fått ein liten beibi! clara skriv om diy-prosjekt, om feminisme, om oppussing, om mat. ein av dei beste som finst.

ute er det melkehvitt
eit magisk prosjekt som eg trur er over, men som var fantastisk så lenge det varte.

wish wish wish


carrie bur i london, studerar mote og bloggar om klede og hår og såntnoko. ein av bloggane eg har lest aller aller lengst.

også er det foto-delen som eg etterkvart skal fylla med fine fine fotografar som er inspirerande og bra:

foto


anette pehrsson

anna malmberg
frl. zucker
hannah & landon
mike bailey-gates
sara
saga
silversaga
tobacco and leather
tamara lichtenstein

din tur! kva bloggar les du?

rettigheitene er respektive bloggarar sine, utanom bildet av elise som eg har tatt.


these are the blogs in my linklist! google translate to find out what i think about them.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *