første dag i rue de joinville.

i går flytta eg jo som sagt inn i den nye leiligheten. eg veit ikkje kor mykje bilder eg skal visa av leiligheten enda, det kan jo vera litt ekkelt og sånn også har eg ikkje snakka med derek om det heller men kanskje det kjem kanskje ikkje, no veit de i alle fall at eg har tenkt på det.

first day in the new apartment.
dagen i går starta med femti kilo med bagasje i mange trapper fordi heisen i bygget er ødelagt akkurat no. så gjekk eg ut og åt frukost, ein croque madame, sjukt sjukt godt. så begynte innflyttingen, og eg var den store franske klisjeen ute i gata med baguettar og blomar under armen, men veit de kva? kanskje kvar tredje person ute på gata har baguettar under armen. det er faktisk sant.

first day in the new apartment.
så måtte eg henga opp kleda mine i det lilla skapet. nokre klede skal vaskast…

first day in the new apartment.
…medan andre får henga fint i skapet. ser ut som eg likar blått og lilla meir enn eg trur.

first day in the new apartment.
over senga hang eg opp ein av mine nyaste kjolar pluss det fantasiske paris-kartet eg fekk frå inga på au revoir-festen min! det er så superfint, eg elskar å ligga i senga og sjå på det. obs: bildet er skeivt, ikkje kartet!

first day in the new apartment.
det er i fine duse fargar med alle monumenta i små teikningar, nesten så ein vil tatovera dei alle på kroppen for dei er så utsøkte.

first day in the new apartment.
til middag åt eg fullkornspasta+pesto+mozzarella+cherrytomater. eg syns cherrytomater skal heite kirsebærtomater i noreg, for det heiter dei her. tomate cerise.

i dag vaskar og ryddar eg litt meir, det tar litt tid å gjera eit hus til ein heim, men eg er godt på veg. gler meg sånn til å blogga herfra framover, det er heilt perfekt. i går kveld sat eg på balkongen i ein time og berre såg på kanalen og på folk som var på veg heim eller til nokon dei er glad i eller for å slå opp eller kanskje hadde dei allereie gjort det. magiske, magiske paris.

ps: de må gjerne ønska innlegg medan eg er her, det syns eg er så fint.


yesterday was my first day in rue de joinville, my new flat in the 19th arr. there was a lot of moving in and in between there were flowers and baguettes. today i’m cleaning too, it takes time to make a house a home.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *