rose og basilikum.

i dag har eg altså fått min nye leilighet. noko av det som er så fint med å flytta inn ein ny plass er jo at ein får kjøpa inn heilt ny mat, så i dag har eg hamstra på monoprix og kjøpt ein masse bra greier. elskar å gå fram og tilbake i hyllene, lesa på ingrediensane og snegla litt på rare forpakningar og prøva å forstå kva det faktisk er ein har i hånda.

food.
dette høyres nok litt sprøtt ut, men eg har altså kjøpt confit de pétales de rose, som er eit slags rosesyltetøy. eg har ikkje smakt det enda men håpar den er så god som glaset er fint.

food.
noko anna som er best: fersk basilikum for ein og ein halv euro. <3 no har eg fylt opp kjøleskapet og er klar for kvardag!

no pakkar eg ut greiene mine på rommet mitt. eg bur i nittende arrondissement og her er det så sjukt herlig for det er ingen turistar her, ingen som kjem hit for det finst ingen attraksjonar, berre folk. rare franske fabelaktige folk. åh! men har litt hjartevondt i dag likevel. det er vel ikkje til å komma unna. håpar de har det bra der heime og at de skjønnar kor sjukt bra de er! suss.


today i’ve moved into the new apartment and one of the best things about that is being able to buy new foods! i love grocery shopping, especially abroad. i spent an hour or so in the store and came home with a lot of food, including rose confit(it’s like a jam but not really) and fresh basil for only 1.5 euro! i’m really fond of my neighbourhood and the people here are so strange(no turists). but i do miss j though.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *