oppdatering.

eg bur framleis på hotell i 10.arrondissement, i morgon tar eg alt eg eig i ein taxi og reiser opp til kanalen og min nye leilighet. nøklar i veska og hjartet i halsen. fram til i går var eg egentlig ganske så handlingslamma, var mykje inne på hotellrommet og visste ikkje heilt kva det liksom var meininga ein skulle ta seg til aleine i paris. men i går, på veg heim fra monoprix med matvarer i hendene så fekk eg plutselig ein sånn ro over meg som fekk meg til å innsjå at eg ikkje er redd lenger. etter tre dagar med paralyserande frykt for alt som befinn seg utanfor hotellrommet føltes det så sjukt fantastisk. eg måtte smila heile vegen heim, den typen smil som ein prøver å tona litt ned fordi det er masse folk rundt ein og ein vil jo ikkje at folk skal tru at ein er heilt gal heller. eg skriv tekst, masse tekst, eg skypar med folk eg er glad i og gjer planar med folk eg ikkje eingong kjenner. det startar no.

og ein annan sak: de har vore så fantastiske dei siste dagane, de har kommentert så mykje og sagt så mykje fint og de anar ikkje kor mykje det betyr for meg akkurat no. takk for at de er så fine. suss.


just a little update: i’m still in a hotel, leaving for my apartment tomorrow. i’ve been quite paralyzed up until now, i haven’t really wanted to go outside the hotel room at all but yesterday it kindof let go and now i feel like i’m finally ready.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *