litt om paris og om magasinet.



fotos: ida pyk

no tenkte eg at eg skulle fortelja litt om kva som kjem til å skje framover. akkurat no er eg og han der fine på liksom-ferie her i paris. me bur på eit hotell i gare du nord, og han reiser på laurdag. så er eg åleine på hotell, fram til tiande. då flyttar eg inn i ein leilighet som eg leiger privat gjennom craigslist. etter det er eg åleine til den attende, for då startar folk å komme. folk som skal eta middag med meg og som skal hjelpa meg å laga magasin, for det er jo tross alt det eg er her for å gjera. eg skal bu i paris til slutten av mars/starten av april, det er ikkje avgjort enda. eg skal bu i 19. arrondissement, til dei som lurer på det, og eg skal bu med ein mann.

angåande paris-guide: eg kjem ikkje til å legga ut nokon guide på bloggen. det høyres sikkert skikkelig slemt ut, men ein stor del av magasinet kjem til å vera nettopp ein bra paris-guide og da føles det veldig dumt å skulla gi bort den informasjonen gratis, sidan dette jo er jobben min og sidan det jo kostar ein del å bu her i to månadar. så om det ikkje står adresser eller navn på plassar eg er, er det fordi eg “sparar det” til magasinet. eg kjem til å blogga om kvardagen min, om små ting eg kjøper, om mat, om film, om musikk, om bøker, det blir veldig som vanlig men med ein paris-twist. eg kjem til å møta nye menneske og utvida horisonten min på veldig mange måtar, og de kjem til å få bli med på det. guiden kjem, og den kjem til å bli heilt sjukt bra. eg har allereie mange adresser å dela, og eg har kun vore i paris éin dag enda. når magasinet har solgt ut kjem eg til å legga guiden ut på bloggen, som eg gjorde med oslo-guiden óg. håpar de har forståelse for det og at det ikkje virkar altfor kjipt.

magasin nummer tre kjem til å bli det beste nokon gong, og eg kjem til å auka både opplaget, sidetalet og prisen(pyttelitt altså, ikkje noko dramatisk). forhåndssalget kjem til å starta ca midt i februar, og eg håpar de verkeleg kjem til å kjøpa kjøpa kjøpa så masse de berre kan og vil. av erfaring kan eg sei at det kjem til å gå tomt, og da er det jo litt trist å vera utan. og dessutan er det så trist om eg sit igjen med 500 magasin óg liksom. magasinet(og eg) er heilt avhengig av at de omfavnar prosjektet og kjøper magasinet, skriv om det på bloggane dykkar og blir med i facebook-gruppa. det er superviktig og de er superfine.

om det er noko meir de lurer på syns eg at de skal spør i kommentarfeltet også svarar eg der litt etterkvart.


about my time in paris: google translate please!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *