svar, del ein: fortid, framtid & venner.

korleis var barneskulen, ungdomsskulen og vgs i forhald til kvarandre?

barneskulen var eit helvete, ungdomsskulen var den tida der eg begynte å forma meg sjølv og endelig turte å vera eit individ, vgs var ei fantastisk eventyrverd.

hva var favorittbamsen/leken din når du var mindre? har du den fortsatt?

det var ein rosa bamse eg fekk av mormor. den hadde ei speledåse inni seg, men den vart ødelagt så ein måtte operere den. eg har den framleis på rommet mitt heime, den er noko av det finaste eg har.

lurte på hva du holdt på med på vidergående, hvilke linje tok du, hvem var du med?

eg flytta heimefra til sandane, for å gå media og kommunikasjon. me arrangerte filmfestival og eg lærte webdesign og medieetikk og mykje om meg sjølv. eg hang med dei som i dag er mine beste venner. me drakk raudvin og rulla i graset og grilla på oljetønner.

hva er ekte vennskap for deg? kan være både de store og de små tingene.

å merka at noko er gale, å snakka saman ofte, å setta av tid til kvarandre og å interessera seg for kvarandre sine liv. å vita kva ein likar best å eta, å vita kva ein er flink til å ikkje, å vita skostorleikar og parfymepreferansar. sånne ting. også masse klemmar er viktig.

den godeste klemmen du noen gang har fått?

fredrik sin purstagsfest i 2009, midt på natta, christine hadde nettopp fått hjartet sitt knust og me klemte kvarandre så hardt at me nesten gløymte alt som var vondt, alt var på veg til å forandra seg og alt me hadde var kvarandre.

hei! eit vanskeleg spørsmål å formulera, men eg skal prøva: hvis du skulle vere ein heilt anna person og gjere noko heilt anna enn den du er og det du gjer i dag og kjem til å gjera i framtida, kven skulle du vore og kva skulle du gjort? når du svarar, hugs at alt er lov, kva som helst, ingenting er umogleg. (grunnen til at eg spør er fordi eg plutseleg kom til å spørra meg sjølv dette tidligare i dag. ikkje fordi eg ikkje er nøgd med den eg er og det eg gjer, men berre fordi det var morosamt å fantasera om å vera ein heilt anna person som gjer noko heilt anna enn kva eg gjer, laga ei lita historie og leva den i hovudet i ti minutter mens eg gjekk heimatt fra skulen).

da skulle eg ha vore ein høg spinkel gut med krøllar i luggen som kunne alt om film og drømte om å bli regissør. eg skulle bu i kanskje stockholm og eta havregraut til frukost, blåbær til middag og pannekaker til kvelds for frukost er jo det beste som finst. eg skulle lika gutar i fløyelsskjorter og lakksko som lukta som både sveitte og reine laken samtidig.

kven er den mest morosame, rare, snille, tullete eller meis fantastiske menneske du har møtt i heile ditt liv, utenom venner, kjærast og familie? eitt menneske du bare blei helt satt ut av.

møter ein del rare folk på trikken. forrige veke var det ei gamal dame som snakka om armageddon og siterte fra bibelen. i dag var det ein mann som gjekk av bussen med open bibel, altså han las i den medan han gjekk. da blir eg sånn “oookeeeeeei”.

én ting som skjedde/ikke skjedde som du ønsket du gjorde/ikke gjorde.

skulle ønska eg lærte meg før å drita i ubetydelige folk, for det kunne ha spart meg for mykje vondt.

pine forest patterns

hva ønsket du å bli da du var yngre?

veterinær. advokat. interiørarkitekt.

hva er det aller fineste kompelimentet du noen gang har fått? har du noen gang opplevd uventet godhet(fra for eksempel en du ikke kjenner)?

syns det er så fint når folk seier ting som er heilt uventa eller ser ting i meg som eg trur eg er flink til å skjula. til dømes var det ein mann som sa at magasinet mitt var veldig som meg: veldig søtt og fint på utsida men mykje mørkare om ein klarte å skrapa av lakken. ellers så skreik janne “fine augebryn” etter meg på gata for ei lita stund sidan.

kva er det finaste du har gjort for nokon andre?

hm, eg veit ikkje.

hva er ditt fineste barndomsminne?

ei julaftan eg fekk ski. hadde kreppa hår og raudt skjørt, hugsar det skikkelig godt. hos bestemor, heile familien var samla og alle gjekk overens.

hvor var du da oddvar brå brakk staven?
da var eg ikkje født, gitt! kanskje eg var ein blome i australia.

hva er ditt beste minne/opplevelse?

forlovelsesrusen eg og han der fine hadde i sommar.

kan du nevne én ting du skulle ønske du hadde guts nok til å gjøre?

hm, nei. eg er ganske gutsy. men det er ein del ting eg skulle ønska eg kunne skriva om som eg ikkje tør heilt enda. forhåpentligvis når eg blir eldre.

kan du beskrive deg selv om 10 år?

om ti år har eg kanskje to born, eg bur i ein liten villa utanfor paris og eg har eige fotostudio i kjellaren. ein kjem seg til byen med tog og der jobbar eg med å fotografere vakre folk i vakre klede kvar einaste dag.

om du skulle levd i eit anna århundre, kva århundre ville det vore og kvifor?

eg vil leva no.

hva er ditt beste 2010-minne?

å bli forlova.

hvilken låt oppsummerer livet ditt – so far?

denne. eller denne. eller denne.

kan du lage eit innlegg om korleis du ser for deg at framtida di skal bli?

hm, ja. det kan eg vel.

kan du lage eit innlegg med 10 ting du skal gjere før 2011 er over?

hm, ja. det kan eg vel.


answers to questions, part four: my past, my future and my frie

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *