fiskeburger!

fish burgers.
eg har jo blitt fiskefrelst. men enn så lenge er det berre kvit fisk, og den må vera fersk og filetert fra fiskeriet. så me kjøpte lange, som er kvitrosa for det er jo så fint. og med den laga me fiskeburgarar, veldig basert på elsa si oppskrift. ein treng griljermel, to egg, lauk, filetert fisk, brød og grønnsaker som ein likar.

fish burgers.
hakk lauk som skal vera i burgerane.

fish burgers.
bland griljermel med egg og krydder, til dømes salt pepper og fiskekrydder. så må det stå ei stund så melet tar til seg væska. så blandar ein i lauken og fisken. me brukte food processor for å dela fisken opp i små små bitar, men ein kan óg berre skjæra den i bitar om ein likar det litt meir chunky.

fish burgers.
så, om ein er to kan den eine skjæra grønnsaker, til dømes rapidsalat, raudlauk, paprika og agurk, medan den andre…

fish burgers.
…steiker burgerar. me brukte ca 400 gram fisk, det vart fire burgarar.

fish burgers.
me laga ein kesamdressing med ketchup og sennep i, det er så gøy med dressingar å berre fiksa og triksa seg fram og prøva å få til noko skikkelig bra. alt oppå rista brød også noko fint på tv! ein to tre middag!


fish burger! i’m getting very good at eating fish, i tell you.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *