om å vera modig.

just an observation

eg har alltid vore modig. sjølv i skulegården med ansiktet i søla sparka eg tilbake så hardt som eg kunne. det hjalp ikkje då, men så er det heller ikkje verdt å dvela ved det vonde som har skjedd. det ligg der, og det definerar ein som menneske saman med alt det gode, men ein treng ikkje å dra det fram med mindre ein må. eg har ikkje alltid hatt det så bra som eg har det no, og når ein er yngre er det lett å tenka “this is my life”, liksom, det er dette som er alt, er dette alt? (det er ikkje det, kors på halsen)

når ein er femten år trur ein at ein veit alt i heile verda. då eg var femten år var eg glad for at eg framleis var i live, for ønsket om å dø har i mitt liv til tider vore større enn ønsket om å stå opp. ein må vera modig for å stå opp, for å overleva, for å sei fuck you til angst, depresjon og mobbejævlar. også må ein orka ein heil del. eg er så takksam for at eg har orka og for at eg har stått ut. eg hugsar berre vagt enkelttilfelle med angstanfall eller med mobbing. men eg hugsar klart at eg var flinkast i klassen på tross av all psykisk og fysisk vold eg gjekk gjennom, eg hugsar at eg gjorde motstand. eg kan hugsa å innsjå at han faktisk elska meg, eg skulle aldri ha trudd at nokon kunne elska meg som han gjer, men han gjer det. enkelt og greit så gjer han det. berre sånn fordi. og eg kan hugsa å få vitnemålet mitt på vidaregåande, som eg absolutt aldri hadde trudd. fordi eg hadde orka og fordi eg hadde vore mindre stolt enn eg egentlig var og av og til sagt ifra at hei, eg har det ikkje så bra for tida så eg orkar ikkje å ta den prøva. for det er noko av det modigaste eg veit om, å sei ifra. å sleppa folk inn i den lille bobla som heiter psykisk grums. ein hugsar det som er bra, det som ein har orka og kor modig ein har vore, for det er den einaste måten ein faktisk greier å fungera på.

pappa brukar å sei til meg at den personen eg er no kjem eg til å vera resten av livet, og det er eg komfortabel med. eg er sta og utålmodig og kritisk og krass og sarkastisk og til tider ei belastning for han som bur med meg. men eg er óg sjølvstendig og sterk og flink og kreativ og smart og ein ressurs for han som bur med meg. det kan eg leva med. men det har tatt meg mange år å kjenna meg sjølv så godt som eg gjer.

eg veit at det finst så mange jenter som les det her som skulle ønska dei var bedre. at dei turte å kyssa han gutten eller ho jenta som dei likar, å ta kontakt med nye menneske, å dansa på dansegolvet, å drikka seg full for første gong. at dei turte å klippa pannelugg, sjølv om ei anna i klassen nettopp har gjort det. at dei turte å hoppa i sølepyttar. som alltid er glade og blide på skulen og på håndballtrening men som skrik seg i søvn kvar natt utan å skjønna kvifor, kvar det vonde kjem fra. for det tar tid å bli kjent med seg sjølv, det tar ork å vera modig.

det blir bedre. eg lovar deg. du skal få klina, du skal få drikka deg full, du skal få reisa til london med venninnene dine. du skal læra deg å sei nei når du ikkje vil, du skal læra deg å koka spaghetti heilt på eigen hånd. du skal orka og du skal vera modig, fordi det er det einaste ein kan gjera for å holda hovudet over vatnet. berre hold ut. det blir så sinnsjukt mykje bedre. berre ein orkar. ein kan vera akkurat den ein vil, om ein vil det nok. berre ver den beste du kan vera. om tjue år er mykje av det vonde gløymt likevel, medan ein tar alt det fine med seg. som små energimansjettar i hjartet og polaroidbilder i albumet.

 

 


about being brave and about getting out of bed to face the world every morning, even if you’re a sixteen year old girl with an aching heart.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *