kamera og redigering, pt. ii.

sidan mitt forrige kamera-innlegg har eg jo fått nytt kamera, så eg tenkte det var på tide å oppdatera litt.

kamera & optikk


eg har eit canon eos 5d mark ii. det er eit profesjonelt speilrefleks-fullformatskamera, som betyr at det tar heilt sinnsjukt fine bilder. haha, eg veit ikkje korleis eg skal forklara. det tar kjappare, smartare bilder enn kamera som er halvformat, altså til dømes 450d eller 40d(dei som har tre eller to siffer), dei er halvformat. det kosta rundt 20.000 med litt ekstrautstyr. om ein vil lesa meir om det kan ein googla! meir om innstillingar og sånt snacks kan ein lesa her.


objektivet eg brukar no heiter 50mm 1.8. det kan ta fine bilder sjølv om det er mørkt inne og det syns eg er ein skikkelig bra ting. det har ganske så lang nærgrense, som betyr at eg ikkje kan ta bilder så nære ting som eg vil ofte, for det vil ikkje fokusere. (dette problemet vil ein ikkje ha med halvformatskamera sidan utsnittet blir eit heilt anna fordi bildebrikka er mindre, igjen: google!) dette objektivet kostar under ein tusenlapp. 1.8 er talet på kor stor blenderen kan bli på sitt største. jo større blender, jo meir lys slepp objektivet inn til kameraet. eg siklar litt over 50mm 1.4 eller til og med 1.2, men det får bli om ei stund og ikkje no.

hasselblad


i tillegg brukar eg ofte dette kameraet. det er eit hasselblad 500c/m, og det er eit analogt kamera, altså brukar det film. det brukar eg oftast når eg skyt fotoseriar og sånt fint. det tar heilt sinnsjukt fine bilder. eg kjøpte det på ebay, for 5000 kroner. eg brukar oftast fujicolor pro 400 og ilford delta pro 400. den kjøper eg på ebay, av forskjellige selgarar, eg berre søker på navnet på filmen eg vil ha. eg framkallar alltid filmen min på labdoka(om ein bur i oslo er det heilt idiotisk å framkalla den andre plassar, for mange plassar sender filmen til labdoka for at dei skal framkalla den også tar kjedene meir i fortjeneste enn dei gir labdoka for å framkalla den, sjukt! dessutan er dei koselige og flinke folk som faktisk bryr seg om film og fotografering.) og eg scannar den med flatbed-scannaren min som scannar film, canoscan 8800f. bilder eg har tatt med det kan ein sjå her og her(dei bileta som er tilnærma kvadratiske er tatt med hasselblad, resten er digitale).

redigering

eg har jo veldig nylig laga eit innlegg om redigering, her, men eg tenkte å dela ein liten snue no. mange lurer på korleis bileta mine blir så analog-lignande og drømske og med ei kvit hinne(de spør om dette på mange rare og søte måtar).


først tar ein originalbildet. superkjedelig(men han er fin, da). eg brukar photoshop cs3 og mac.


så legg ein over eit gradient map-layer(da trykker ein på den halvfulle rundingen i layers-boksen), velger den rosa og trykker på “reverse”. så drar eg det ned til ca 20 i opacity.


så legg ein over eit curves-layer, og i den boksen velger ein “red” istadenfor “RGB”. så kan ein dra det raude litt fram og tilbake og sjå korleis det blir. om ein syns det blir litt voldsomt kan ein trykka ok, dra ned opacityen på layeret også dobbeltklikka på layeret og dra i den raude ein gong til.


så legg eg på to fargefilter, photo filter. det eine er deep emerald og det andre er eit warming filter. det er sånt som er gøy å leika seg med. så legg ein over eit brightness/contrast-lag og drar opp kontrasten. dette laget skal ligga øverst.


så blir det sånnher fint! og det var onsdagsleksjonen for denne gong.

spørsmål?


about my cameras, my lense and some editing tips.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *