slutt.

hei, alle saman! no er det tomt for magasin! eg har solgt alle utanom nokre få fine som får vera med meg til eg får barn og barnebarn som kan få sjå kva eg gjorde då eg var ung og kor modig eg var! dette føles heilt sjukt. så no stoppar eg salget, om det er nokon som ikkje har fått kjøpt og som er heilt desperate kan de senda meg ein mail også kan det henda eg får fiksa det. tronsmo, balanzera og frøken dianas salonger har framleis magasin hos seg! det har óg pryd i trondheim. men tenk, at det finst 1000 magasin der ute, på nattbord og i vesker i mange ulike land. det er så fint. de er fantastiske! tusen takk for at de kjøper, for at de finst, og for at de støttar oppom prosjekta mine som de gjer. eg hadde ikkje kunne gjort dette utan dykk.

neste magasin kjem i april/mai til alle som lurer, og det blir eit parisnummer. fjerde nummer blir eit london-nummer ettersom eg bur der da. eg har allereie fått så himla mange fine navn til nummer tre, og eg er så glad så glad og jobbar framleis med den saken! de kjem ikkje til å bli skuffa, det lovar eg.


today i sold out my last magazine copy, it feels so amazing!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *