sognsvann.

skogsvann.
i går stod me opp tidligare enn me pleier. me åt frukost, eg hadde deilig pasjonsfrukt på heimelaga frukostblanding og yoghurtnaturell, og til det: to episodar friends. det er mi nye greie, eg må sjå alt. så tok me t-bana.

skogsvann.
til sognsvann. me hadde ikkje vore der enda og når ein har budd i oslo i eitt og eit halvt år burde ein faktisk ta tak i seg sjølv og ta t-bana. så det gjorde me. og det var så sjukt fint lys der og sidan eg har den finaste forloveden som finst så tok eg bilder av han.

skogsvann.
og han tok bilder av meg, som såvidt orka å dra meg sjølv ut. eg har hatt ei rar og teit veke, sånn når ein har det heilt fint egentlig men ikkje mestrar heilt kvardagslige ting som å hjelpa til heime med å vaska opp og laga mat, og ein vil alt anna i heile verda enn å gå ut av huset, sova og blogga. sånn har veka mi vore, skikkelig tung og trist. men no har eg det bedre, og det føles fantastisk.

skogsvann.
det var ganske så kaldt så ein fekk surra seg inn i skjerf så godt som ein kunne, det som eg har på meg er fra monki og var faktisk julegåve fra foreldrene mine til han der fine. men eg låner det ganske ofte for det er så stort og varmt.

skogsvann.
me hoppa etter snøflak.

skogsvann.
og kosa.

skogsvann.
og sussa. og lurte på kvar kakaoen kom fra og følte oss utanfor som var dei einaste i løypa utan kakao.

skogsvann.
ein fekk snøflak i augevippene og det syns eg var veldig fint.

skogsvann.
også hadde me plutselig gått heilt rundt snakka oss slitne om bryllup og om magasin nummer tre, som kjem til å bli det beste nokonsinne. tenk at eg reiser om to veker.

skogsvann.
så reiste me heim, åt falafelmiddag, drakk te med mjølk i fra rørstrandkoppar og såg på teve. som vanlige folk, kan ein sei. og no skal eg ha ei skikkelig bra helg, håpar eg.

ps: no funkar bloglovin igjen! endelig! halleluja!


i’ve been feeling very low this week, so yesterday i finally took action and we went up to sognsvann to walk around the water, about 3.5 kilometers. we talked about the wedding and about my new magazine and then we went home to drink tea and watch tv.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *