helgefrukost.

pannekaker.

breakfast.
til desse fantastiske pannekakene treng ein ein kopp med mjølk, ein kopp med mjøl, eitt egg, ei halv teskjei bakepulver, ei klype salt og ei heil pære. bland alle ingrediensane, pæra berre riv du på eit rivjern med dei “grovaste” knivane så det blir litt store pærebitar oppi, berre riv heile, treng ikkje å skjæra den opp først eingong. bland alt ihop og steik dei i smør, ca ei og ei halv spiseskjei røre i kvar pannekake, i ei middels varm panne, et med yoghurt naturell og lønnesirup! ein kan godt variere kva frukt ein har oppi, i morgon skal eg og han der fine prøva oss på eple, og det går óg an med banan og alle slags bær! og tenk: ikkje eit gram sukker!

frukostblanding.

til min fantastiske frukostblanding treng de:
breakfast.
honning. (ps: ser de at tatoveringen min er rosa inni? i jula brant eg meg veldig akkurat rett inni tatoveringa og det har vore skikkelig stygt med sår og flassande hud men no er den berre litt rosa og det syns eg er skikkelig fint egentlig)

breakfast.
havregryn.

breakfast.
og hasselnøtter. i tillegg ei spiseskjei med olje som ikkje er olivenolje, eg brukar solsikke. også kan ein egentlig variera som ein vil med andre ting ein likar, frø og lignande!

breakfast.
smelt honning(eg brukte ca ein halv sånn boks! det er viktig at honningen har god kvalitet, så ikkje kjøp billig for det blir ikkje bra – eg har prøvd.) og olje i ei panne, rør så det ikkje svir seg. hiv oppi havregryn og nøtter til du syns blandinga har bra konsistens, det må ikkje vera for tørt.

breakfast.
så har ein alt over på eit steikebrett og om ein får litt på fingrane går det bra.

breakfast.
sånn skal det sjå ut. så steiker ein det på 160 grader i ca 25 minutt, det er lurt å ta ut plata eit par gonger og blanda til så alt blir likt steikt. så tar ein det ut, lar det kjøla ned og vips:

breakfast.
ein fantastisk frukost saman med yoghurt naturell, eplebitar, rosiner og kokos på toppen!


these are my recipes for two delicous weekend breakfasts! pancakes with pear in them and my homemade granola. email me for the recipes!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *