inspirasjon. akkurat no, i alle fall.

rufus wainwright.

eg har høyrt på rufus wainwright sin musikk i kanskje fem-seks år, men den siste tida har eg tatt eit djupdykk ned i livet hans og historia hans, spesielt etter eg såg denne dokumentaren på nrk nett-tv, om ein opera han har laga. han er ein sånn person som ikkje bryr seg om kva andre syns og seier, han er den einaste som får lov til å definera seg sjølv og han har så himla høge ambisjonar. han tør å satsa sjølv om han er livredd å feila, også trur han på kjærleiken si makt over kunsten, og det gjer jo eg óg. han har ein sånn ekstrem seksualitet i musikken sin, men det blir aldri vulgært, berre ærlig og sterkt, og han skriv dei beste tekstane eg veit om. om de ikkje har høyrt noko på musikken hans, har eg laga ei speleliste over mine absolutte favorittsongar. elskede rufus.

sophie calle.

sophie calle har vore ein av mine største inspirasjonskjelder det siste året, og den siste tida har eg fått bli ny eigar av tre av bøkene hennar. ho har gjort så sjukt mykje rart og bra, som å senda senga si til ein mann med kjærleikssorg, å vera med i ein abortorganisasjon der ho hjalp kvinner over landegrenser for at dei skulle få ta abort(dette var før kunsten tok over), ho har innreidd ein telefonboks, ho har jobba som strippar, ho har latt seg forfølga og sjølv forfulgt ein mann heilt til eit anna land. ho er gal i hovudet og eg elskar det. ho har alle kjenslene på utsida, all kjærleikssorgen og all einsemda og all gleda, alt blir brukt i kunsten for sånn er ho berre. fullstendig naken. skulle ønska me var venner.

shootlocations.

for ei stund sidan fant eg denne sida som leiger ut hus og leiligheiter i heile verda. tomme leiligheitar som står ledig til fotoshoots og filminnspelingar. sjølv om eg kanskje aldri kjem til å få leigd eit sånt hus, er det fint å sjå for seg modellar rundtomkring i husa. raudhåra blond brunette svarthåra snøkvit, i ei seng, framfor tapet, på kjøkenbenken, i hagen, i eit tre, i eit badekar, i ein glaskarm.

polly morgan*.

dei siste vekene har eg hatt så sjukt lyst på denne skulpturen av polly morgan. det er utstoppa fuglar i glasklokker, og eg syns dei er så fantastisk fine. dei kostar ti tusen, så eg trur kanskje dette blir på ønskelista til bryllupet. og det er så bra at nokon faktisk tør å utfordra folk sin oppfatning av kunst, at dei tør å provosera og tør å bli uvenner.

*(før de startar, fordi eg veit at mange blir provosert av dette: polly morgan er utdanna taxidermist, altså utstoppar. alle dyra ho brukar i installasjonane og kunstverka sine er dyr som anten har dødd i trafikken eller så er det dyr ho får fra dyrlegar, som igjen har dødd ein naturlig død eller som har blitt avliva, oftast grunna sjukdom. det er altså ingen dyr som har dødd for kunsten si skuld.)

gamle tapetar.



me planlegg å pussa opp rommet mitt heime hos mamma og pappa, og difor har eg sikla på gamle tapet skikkelig lenge. plutselig skal me ikkje kjøpa tapet likevel, men eg får lyst til å kjøpa eit par rullar som eg kan bruka på dei nye veggane mine når me får ein ny plass å bu. alle desse er fra tapetorama.

kva inspirerar deg akkurat no?


some of my biggest inspirations lately: rufus wainwright, sophie calle, polly morgan, shootlocations.co.uk and old wallpaper. try the google translate in the menu!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *