liste.

min bestevenn er eit knippe små personar som saman, med alle sine fantastiske eigenskapar lagar som ein eventyrfigur av den beste vennen som finst.

når eg pussar tennene gjer eg gjerne heilt andre ting samtidig, for eg syns det er så himla kjedelig. ryddar og rettar på ting og sånn.

når eg lagar mat brukar eg helst lang tid og lagar til mange personar samtidig, også ryddar eg mens eg lagar mat og svir nesten alltid noko.

eg er redd for at han ikkje skal komma heim, for offentlig transport, for fulle folk, for å vera aleine, for framtida og for fortida.

den verste kjensla er når ein føler at ein ikkje strekk til og ikkje får gjort ting i tide. å skuffa seg sjølv.

den beste kjensla er når ein får ting til, når ein er rundt berre sine beste venner, når ein får akkurat det ein ønskar seg og å kyssa når det regnar.

eg er best på å pressa meg sjølv til det ytterste, på å drikka meg full midt i veka, på å vera impulsiv, på å krangla på mail, på å stå på mitt og på å holda hovudet over vatnet.

eg er dårligast på å vera tålmodig, på å vera høflig når eg er i dårlig humør, på å få ting gjort om det berre er meg sjølv som får konsekvensar.

eg høyrer akkurat no på fredrik, janne og han der fine som snakkar om kva slags folk dei aldri skal bli som voksne. ellers høyrer eg mykje på elektronika og indie og sånt som er franskt og fint som ein kan sittedansa til.

new record player !

eg snakkar sogning og veldig mange seier HÆ når eg snakkar.

eg set pris på fløytekarameller, vegetarmat, frozen margaritas, å lasta ned filmar, peonar og ranunklar og venner som ler.

kjærleik er noko som ligg bak ribbeina og ventar på å eksplodere.

i sommar hadde eg tusenvis av kjensler i kroppen samtidig og var så sinnsjukt forelska i vennene mine og livet.

sist gong eg grein var i dag tidlig når eg reiste fra pappa på busstasjonen. eg har hatt den beste jula i mitt liv og ville egentlig ta dei med meg tilbake til oslo og eta middag med dei kvar einaste dag.

når eg vil tenka så har eg uansett ikkje noko valg for det gjer eg alltid uansett.

når eg bakar prøver eg alltid å holda det hemmelig for han der fine for det er så fint med overraskningar, syns eg. ellers bakar eg helst til andre og pakkar inn i cellofan med sløyfe på.

akkurat no tenker eg på drinkar og at eg har lyst på ein.

i dag har eg grine, sett to sløyfejenter på bussen, sove, møtt fredrik og janne i lærdal, ete pasta di parma fra pose og sett på dårlig tv. fantastisk dag.

he had a way with words

i kveld skal eg snakke masse le masse kanskje sjå ein film.

i morgon skal eg tilbake ti oslo. sjukt sjukt sjukt bra.

mobiltelefonen min er sprillande ny! ein htc desire som lagar fine lydar og som eg kan spela spel på.

når eg vaknar om morgonen er klokka ofte halv tolv eller seinare, og da står eg i vindauget og ser på folk.

om eg skulle ha vore eit dyr skulle eg ha vore eit ekorn for det seier janne men ho veit ikkje kvifor. eller marie fra aristokattene egentlig sjølv om fredrik meinar at det ikkje er eit ekte svar på spørsmålet.

din tur!


google translate please!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *