til: mariell.

my christmas gifts.
under treet i år fekk eg så himla masse fint. av han der fine(blå) og svigerforeldrene mine(rosa) fekk eg desse bøkene, akkurat dei to som eg ønska meg. francesca woodman og sophie calle, to av mine favorittdamer.

my christmas gifts.
take care of yourself av sophie calle handlar om å slå opp, egentlig. kjæresten til sophie(me er på fornavn) slo opp med ho på ein epost samme dag som boka hans vart utgitt(boka som i tillegg var dedikert til ho). så ho sendte mailen til 107 heilt forskjellige kvinner(deriblant ein fugl) som fekk tolka den på heilt sine eigne måtar.

my christmas gifts.
ved til dømes å dela opp orda og sjå kva dei egentlig betyr.

my christmas gifts.
eller til dømes ei lita bok. det som ser ut som ei bok er ei bok. små sider. inni boka. det er typisk sophie calle. det er óg eit par dvd-lommer med filmar oppi. <3

my christmas gifts.
også fekk eg francesca woodman av han der fine, fantastisk amerikansk fotograf som tok livet sitt i 1981, mest kjent for sjølvportretta sine og portretta av kvinner i nedslitte hus.

my christmas gifts.
i tillegg til bilder er det óg ein masse utdrag fra dagboka hennar, og det er nesten det beste. å sjå kor lik eg kan vera nokon som er så brilliant.

my christmas gifts.
av svigermor fekk eg to klippdokker óg! dette er lill-ann. med alpelue og ballkjole.

my christmas gifts.
og tvillingane mia og maja der alle kleda heng saman. fantastisk fint. (svigermor jobbar nemlig på museum og ho får ta inn alle sånne rare fine ting til museumsputikken!)

my christmas gifts.
for pengane eg har fått til jul litt herfra og litt derfra har eg kjøpt litt sminke og fint. rougebørste fra mac, touche eclat fra yves saint laurent, augebrynspenn fra lancome, leppestift fra mac(rebel), & remington pearl wand. i tillegg fekk eg ei toalettveske full av satsuma-snopesåpesaker fra bodyshop. rouge fra mac som eg har ønska meg lenge:

my christmas gifts.
mocha! den er akkurat rosa nok.

my christmas gifts.
også fekk eg fantastiske mummi-greier! av mamma og pappa fekk eg ein mummi-kasserolle! eg sat og nesten skreik “Å-HÅ-HÅ” i tre minutt etterpå. så fekk eg mummikoppar av han der fine og av søster.

my christmas gifts.
vinterkoppen fra i år.

my christmas gifts.
og kjærleikskoppen.  i tillegg fekk eg litt pengar som eg kanskje skal kjøpa meg noko fint for. eg er så sjukt fornøgd med gåvene mine i år! det føles så bra å få bra gåver, for da føler eg at familie og venner kjenner meg skikkelig godt og veit akkurat kva eg treng og vil ha. og det er alltid bra.

kva fekk de som var skikkelig fint?


this is what i got for christmas! art books, moomin stuff, make-up and money. what about you?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *