tre juledøgn.

eg har vore heime i sogn og fjordane i snart ei veke og eg har hatt det så himla bra.

bits and pieces.
eg og mamma har laga kanskje hundreogfemti fløytekarameller som me har pakka inn og gitt bort og dei er sjukt gode. (kan legga ut oppskrifta, om de vil?)

bits and pieces.
før eg reiste fra oslo kjøpte eg juletrepynt fra glasmagasinet. dei er i fine boksar og ser gamle ut. me pyntar alltid treet lille julaftan, og alle må vera med.

bits and pieces.
minste juletreet i huset.

bits and pieces.
denne er óg min, og fra glasmagasinet. han er ein sirkusdirektør trur eg.

bits and pieces.
og to fuglar. ein til meg og ein til han der fine.

bits and pieces.
dette syns eg er den finaste juletrepynten, søster som har laga for ganske lenge sidan. dei held saman rundt treet, som tredemonstrantar eller noko.

bits and pieces.
bono fekk opna gåva si tidlig, han fekk ein ny gris. den som han har hatt har slutta å laga griselydar så han fekk ein ny. pakka den opp sjølv eingang.

bits and pieces.
til julemiddagen hadde me knirketulipanar på bordet.

bits and pieces.
og pynt.

bits and pieces.
her er min julemiddagmamma med ordførartopp.

bits and pieces.
og lille lillesøster.

bits and pieces.
trøttepappa etter all gaveopning.

bits and pieces.
morgonen etter, til julefrukost på første juledag, tok eg med meg min eigen kopp. den fekk eg av søster kvelden før! mummikoppen for vinter 2010.

bits and pieces.
mamma hadde sove ståande på hovudet og såg sånn ut på håret.

bits and pieces.
ganske så fin likevel.

bits and pieces.
så gjekk me i middag hos onkel og tante med ein del familie. me åt pinnekjøtt, og etterpå drakk eg tre espressoshots og vibrerte i kanskje to timar.

bits and pieces.
me fekk lærdalsbringebær til dessert. noko av det beste som finst.

bits and pieces.
eg hadde krøllar og ruby woo på leppene og mitt nye underskjørt på, men det ser de jo ikkje.

bits and pieces.
bestemor med minneboka til onkel jan anders. inni den står det mykje rart.

bits and pieces.
så køyrte me litt bil og kasta litt ball og vips var den kvelden over óg.

eg har hatt den finaste jula i mitt voksne liv, eg gjer stort sett ingenting utanom å jobba med heimesider og html, lesa bøker og sjå filmar med familien, et meg akkurat mett og aldri for mykje.


the last three days in photos: decorating, eating, enjoying the holidays. in a nutshell.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *