mitt 2010 i tre personar.

i 2010 har eg blitt kjent med så himla mange fine personar. mange nye jentevenner som er så fine at ein berre må presentera dei litt, i alle fall tre her:

sigrid
saturday.
sigrid sendte meg melding på facebook og vips gjekk me for å drikka kakao ilag og vips var ho blitt ein av mine beste venner som eg kan senda melding til om eg er lei meg og det er så himla viktig.

heidi
girls' night out.
heidi er ei kraft i seg sjølv, ein power of nature, som aldri gir opp og som har kjenslene liksom utanpå. eg kjenner ingen andre som er sånn, og det er så forfriskande. ho drikk seg alltid like full som meg eller fullare og det syns eg er fint. og heidi seier aldri nei om ho kan sei ja.

caroline
girls' night out.
caroline er ein av dei mest kreative personane eg veit om, og ho er så satans flink. framover skal me jobba enda meir ilag, og det gler eg meg skikkelig til. om du gir ho ein øl så går ho med hatt heile kvelden óg, berre ein sånn ting. best til å dansa av alle eg nokon gong har sett, alle gutane siklar på dansegolvet og da er det gøy å stå ved sidan av og berre vera sånn “eg kjenner ho der”.


i’ve gotten to know so many great people this year, including these three wonderful girls who inspire me in their own ways.

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *