om det her med å ha ein litenstor blogg. heilt ærlig.

(i det siste har det vore mykje snakk om sponsing av bloggarar, om produkt, om skattepengar og om etiske problemstillingar når det kjem til blogging generelt. så no er det min tur å skriva om det, ikkje fordi eg har så veldig lyst, men fordi eg er bekymra for at min kredibilitet skal synka i takt med dei andre bloggarane sine glippar.)

eg har ein litenstor blogg. eg ligg på topplistene og har masse lesarar og får fanmail i postkassa. da har det seg sånn at ein ofte får ting óg, for det finst selskap som gjerne vil utnytta den store påverknadskrafta me bloggarar har for å få produkta sine stilt ut for tusenvis av unge jenter som kanskje ikkje tenkjer seg så mykje om før dei kjøper noko når nokon dei stolar på anbefalar eit produkt. det vil ikkje eg vera ein del av, og har fra dag ein tatt stilling til mine unge lesarar og påverknadskrafta eg har. eg får tilbud om produkt og andre ting ofte, om dyre reklamar for casino/gambling-sider på internett, akne-produkt som ikkje funkar, sminke, politisk reklame, alt mulig. som oftast seier eg nei. for det første er eg fullstendig uinteressert i dei tinga sjølv, og for det andre vil eg at bloggen min skal vera ei frisone fra glominerals og restylane. derfor velger eg samarbeidspartnarane mine sjølv.

til dømes balanzera: eg leita lenge etter ein frisør som kunne passa meg, som kanskje tok hensyn til min fullstendige frisørskrekk og som var hyggelig og som svarte på mail. og vips fant eg balanzera som ikkje berre er ein økologisk salong med berre snille produkt, men det er óg ein nynorsksalong! balanzera + hjartesmil = sant, liksom. haha. og derfor tok eg kontakt med ho som eig salongen, trude, og me planla det som har blitt eit skikkelig fint samarbeid som funkar sånn: eg får komma dit, dei fiksar håret mitt, eg får ta med meg shampo og balsam heim(utgiftene for stylingprodukt står eg for sjølv), og om eg har lyst så bloggar eg om produkta. og det gjer eg om eg føler at det er noko som de vil ta nytte av. eg veit at det er mange som har lest om balanzera her på bloggen også gått dit dei óg, og det syns eg er så himla fint fordi eg veit kva de får. eg veit at de blir behandla bra, eg veit at de får god te og frukt og kanskje pepperkaker mens ein ventar og ein kickass hovudbotnsmassasje. og det føles berre bra, for alle partar.

eit anna døme er kipekee, som er ei ganske ny bedrift starta av to jenter som framleis går på skule og driv denne bedrifta på fritida. dei har difor ikkje det sinnsjuke budsjettet som mange andre nettbutikkar har, så der er avtalen at dei får ha den lille annonsa i sidemenyen min mot at eg får produkt, som polaroidfilm og te og anna fint som dei har der. fordi det interesserar meg, og fordi eg veit at det interesserar mange av lesarane mine óg. igjen føles det berre bra. for alle partar.

og ja, eg får av og til gratis is fra yogurt heaven fordi dei får himla mykje trafikk på grunn av meg og det gjer meg ingenting fordi isen er fantastisk og tilbudet er bra. og ja, eg får låna klede til fotograferingar på frøken dianas salonger fordi dei får ein del trafikk på grunn av meg dei óg, og det gjer meg ingenting fordi eg faktisk syns det er den beste vintagebutikken i heile oslo. og ja, eg får av og til ein gratis makron her og der fra sebastien bruno, ikkje fordi eg bloggar men fordi eg er der så himla mykje(hahaha).

så, med dette superkjedelige innlegget håpar eg at de forstår at eg ikkje er ute etter å lura nokon i ei felle eller selga eit produkt som ikkje funkar eller er bra; for alt eg skriv om her i bloggen er produkt og tjenester som eg brukar og elskar sjølv, eller stolar på, og som eg føler at eg kan gå god for fra eit etisk standpunkt. spørsmål om det?

 
in norway there has recently been a lot of controversy about bloggers who write about products in exchange for money, and this is just to say: i blog about the things i like and sometimes i get perks because of it. it works for me, it works for you, everyone wins.

 

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • haha, kick ass :) forstått budskap! jeg syns det er fint at du kan gi oss tips, samtidig som vi er sikre på at du gjør det fordi du bruker det selv og ikke bare fordi du får betalt. i mine øyne er du svært troverdig. og det er en fin ting.

  • haha, du er morsom! føler meg skikkelig “gamliss” for veit at mange av leserne dine er godt under 20. Men du har en skikkelig fin blogg! Noe av det jeg liker best med den er at det er et “pusterom” på internett, ikke overlessa med blinkende og sprettende reklamer rundt header’en og nedover alle sider. Dette er din lille verden, som du deler med en gjeng lesere, og sånn tror jeg det kommer til å fortsette og være. Dessuten blogger du fordi du syns det er spennende med foto og skriving – og det merkes. Det gir bloggen din kvalitet! Du blogger ikke fordi DU vil være i rampelyset, men fordi du har lyst til å formidle det du driver med. Det merkes også veldig godt. God bedring og god jul! Hvis jeg ser deg på gata en dag, skal jeg jaggu meg si hei :D

  • jeg er så glad for at du ikke ødelegger layouten din med stygge reklamer for alskens saker og ting. og ellers er jeg bare fornøyd med å høre om livet ditt, og da er det jo bare naturlig at det blir nevnt visse kaféer og butikker. man kan jo ikke sensurere alt, men jeg er glad du vet hva du skal si nei til også. dessuten burde vi i 2010 være såpass kompetente mediebrukere at vi selv klarer å luke bort den informasjonen vi ikke trenger, og ikke blir superpåvirket og bare MÅ kjøpe den hudkremen.

  • Veldig bra og forklarande skreve Mariell! Eg syns det er supert at du anbefal produkt eller tenester som DU sjøl kan gå god for og personleg elskar eg å få tips om slikt, for det er mykje ein ikkje hadde oppdaga om ingen hadde tipsa ein om det.

  • Eg syns det e bra at du fortelle det sånn som det e! Det e kjekt å sjå at ikkje alle i dinna verdenen her e kapitalista, og at det e meir enn penga som betyr noke. Men det tar jo tid og krefte å drive en blogg som du gjer, så om du får en liten ting i ny og ne for innsatsen syns eg du fortjena!

  • Det var ikke et kjedelig innlegg (som du selv skriver nederst). Det er viktige ting du tar opp her, men jeg synes du virker litt selvgod også.

  • Er lett å merke at du har bra moral på det der ja. Men trur nok du får gratis makronar pga bloggen og ikkje fordi du er der ofte. Kjenner folk som handler der altfor ofte egentleg(stakkars badevekta og lommeboka)men som aldri har fått ein einaste gratis makron eller noko som helst anna. Men nokon fordelar skal du jammen ha for å glede så mange med bloggen din.

  • hahaha parantesen, hjerte til det! jeg synes det er flotte ting du skriver om og anbefaler jeg! makroene til sebastien bruno er helt klart de beste i oslo i hvert fall, og det er så fint der. (og hvis man sier nei til gratis makroner er det jo kjempetrist, uansett hva grunnen er, så hjerte.)

  • Flott innlegg, ærlig og greit :) Læs bloggen din kvær dag og en av grunnan tel at æ lika dn e at sia di e innbydanes og læs utn all reklamen som poppa opp overalt! Takk for d :)

  • Eg likar virkelig godt korleis du tenker om dette her, fleire bloggarar skulle ha tenkt meir gjennom kva den påverkningskrafta dei har verkeleg har å seie. Eg fekk iallefall stor (liksom enda større enn før) respekt for deg etter å ha lese dette innlegget.

  • Hei, Mariell. Jeg er en av dem som leser bloggen din, men som ikke er flink til å si “hei”. Men nå tenkte jeg at jeg skulle det. Så “Hei”. :)

  • du har ein så fantastisk blogg at eg ikkje veit kvar eg skal gjere av meg, men så vert det til at eg les og les og les og i blant (som no) kommenterar på nynorsk. Stå på, Mariell (for eit vidunderleg namn du har når eg tenkjer etter).

  • Du er en fantastisk person, som tenker på alt og alle! kjøpte meg magasin nr.2 på tronsmo i går og det var så nydelig at jeg bare måtte dra tilbake til tronsmo i dag for å kjøpe magasin nr.1 også! du er virkelig talentfull.

  • Du er rett og slett den beste bloggen jeg vet om. Er så deilig å slippe å lese om “lavkarbo”, “neglesalonger”, “trening, trening, trening” og om hvor dårlig samvittighet man har for den bollen man nettopp spiste. Du er et sunt forbilde!