magasinkonkurranse.

This world can be ugly

sidan eg er heilt slått ut av sosiale happenings denne helga, tenkte eg at me kunne ha ein liten fin konkurranse der de kan vinna eksemplar av det andre magasinet! alt de treng å gjera er å legga igjen noko fint i kommentarfeltet, til dømes eit minne eller ein link eller ein blogg eller eit bilde eller ein tanke også det som eg syns er finast, kanskje det er berre ein eller kanskje to eller kanskje fem, så mange eg vil, får magasin tilsendt i posten.

hugs å legg igjen epostadressene, da. sånn at eg får tatt kontakt. me køyrer til i morgon klokka eitt.

konkurransen er ferdig! men, til framtidige konkurransar: eg kjem aldri til å premiera noko som har med weheartit å gjera i heile tatt, aldri aldri aldri. dei tar fra kunstnarar opphavsretten og drit i at dei sprer bilder på internett som er umulige å spora til kjelda. det dei gjer er ulovlig, og de gjer óg noko ulovlig kvar gong de legg ut eit bilde de ikkje anar kvar kjem fra. ein skal alltid opplysa om kjelde, og weheartit er (for faen) ikkje ei kjelde. ei kjelde er å opplysa om navnet til kunstnaren, linka direkte til heimesida til fotografen eller flickr-streamen. sånn. da var det sagt.


i’m doing a magazine contest: whoever comments with the nicest link or blog og picture or thought or memory gets a magazine in their mailbox!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *