søndagsmorgon.



her kjem ei søndagsmorgonspeleliste eg har jobba på ei stund. den passar fint til å eta frukost og rydda eller til å ha i dusjen eller kanskje å kyssa til eller å sovna til eller synga til eller den lille timen før ein fest skal starta når kun dei beste vennene er der fordi dei alltid kjem tidlig. egentlig er den for kvasomhelst. den er himla fin, og fylt av musikk som er heilt ny for meg pluss nokre gamle fine.

søndagsmorgon


om du ikkje har spotify ser den sånn ut:

og eit stort ps om dette med kommentarar: eg veit at det er mange som aldri har lagt igjen kommentarar her og som sikkert aldri kjem til å gjera det, men tenk litt gjennom: eg fekk kanskje femten kommentarar på bilderedigeringsinnlegget eg la ut i går(som eg brukte superlang tid på, forsåvidt, og som veldig mange har spurt om), og da tenkjer eg jo sjølvsagt at “okei, dei var ikkje så interesserte i det, bedre lykke neste gong”, men så ser eg på bloglovin at det er førti personar som har hjarta innlegget, og det er jo supert, men misvisande. eg måler interessa hos lesarane for innlegga mine gjennom kor mange kommentarar eg får, så om det er noko de likar er det lurt å sei fra! var berre det.


my new spotify playlists, for lazy sundays or making out.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *