om bilder og redigering og sånt.

innlegget om kameraet mitt og objektiva mine kan de lesa her. om diana kan de lesa her. om hasselblad kjem snart, berre ver tålmodige. her kjem om litt redigering, eit par ulike teknikkar eg brukar for å få bildene til å sjå litt drømmande og fine ut. eg brukar photoshop cs3 & mac, så eg brukar mac-shortcuts, men som regel er det berre å bytta ut eple-knappen med ctrl-knappen til pc. eg tar det veldig basic så alle kanskje skjønnar.

nummer éin.


for det meste tar eg kun eit lag i solid color(da trykker ein på “new adjustment layer”, den rundingen som er halvt kvit og halvt svart i layers-panelet, og trykker på solid color), velger ein lys pastellfarge som gul eller grøn eller rosa. om du ikkje ser layers-panelet kan du lett finna den på window oppe i menyen.


det vart gul. så trykker eg på opacity-knappen i layers-panelet og drar den ned til kanskje elleve prosent.


da blir det sånn. ein kan gjerne eksperimentera med ulike opacity-verdiar og ulike blendingmodusar(det er der det står “normal” ved sidan av “opacity”. soft light, for eksempel!).

gif animator
dette er med og utan det gule laget oppå.

gif animator
om ein vil prøva med ulike fargar og ikkje berre gul så dobbeltklikkar ein på den lille gule boksen der det står color fill og velger litt andre fargar. det er dei små forskjellane som teller. om du ikkje skjønte eit ord av dette gjer du kanskje det etter du har lest resten av dette innlegget.

nummer to


eg startar med eit bilde.


så tar eg eit bokeh-bilde og drar det over så ein ser at det ligg to lag. eg har funne mitt på resources-sida til deviantart, da berre søker ein på bokeh.


men no ser ein jo ingenting, så det ein gjer er å gå inn i den knappen der det står normal, også finn ein der det står “screen” på menyen.


da ser det sånn ut, og det kunne jo vore fint dét, men kanskje litt mykje.


så da drar eg ned opacityen til kanskje tretti prosent, så blir det liksom litt gjennomsiktig. om du vil sjå korleis bildet ser ut utan det nye laget kan du berre trykka på auget ved sidan av laget, så ser ein berre bildet som ligg under.


om ein syns det blir for rosa, kan ein trykka på eple+u, da kjem hue/saturation-boksen opp, og den bestemmer fargen. så drar eg hue-stripa litt fram og tilbake.

gif animator
eit lite eksempel på korleis fargen i bildet endrar seg etter korleis hue-stripa endrar seg.

nummer tre

her må ein ha gjort nummer éin først ellers blir det ikkje like fint. det er mange som spør meg korleis ein får litt effekt som analoge bilder, og ofte folk som spør meg korleis eg redigerer bildene kvar gong eg legg ut bilder tatt med diana-kameraet. det som er med gamle kamera, og gjerne plastikk-kamera som diana, er at dei slepp inn pyttelitt lys, det heiter lekkasje og lagar fine(syns eg) effektar på filmen. det kan ein lett gjera i photoshop, sånn:


gjer nummer éin først. så. lag eit nytt lag, da trykker ein på det tegnet mellom søppelbøtta og mappa i layers-panelet. så poppar det opp eit heilt nytt lag! ta ein pensel, bruk ein som er mjuk i kantane, og pensel raudt rundt kantane(i det nye laget) og litt randomly egentlig.


så velger ein linear dodge i blending mode-menyen.


og drar ned opacityen berre så ein kan sjå det litt. eg syns i alle fall det er superfint. og ganske så enkelt.

andre ting:

ofte fjernar eg óg litt av det gule i bildet ved å trykka på new adjustment layer(den rundingen som er halvt kvit og halvt svart) og “hue/saturation”. da velger eg yellow i menyen og drar ned saturation, det gjer eg spesielt på bilder som er tatt inne og med høg iso.

det viktigaste med photoshop er ikkje å gjera bildene akkurat som alle andre eller å følga ein perfekt mal, men å prøva seg litt fram med ulike ting.

om du vil gi bildene dine eit analogt/retro preg, finst det hundrevis av fine tutorials på internett. til dømes denne er fin, og ein lærer så innmari mykje ved å gjera ting i photoshop som ein ikkje pleier. lovar.

sånn, da veit de i alle fall litt av kva eg driv med i photoshop! nokre ting held eg sjølvsagt tett til brystet, ellers ville det ikkje vore noko gøy, men om de lurer på noko må de veldig gjerne spørra, så svarar eg i kommentarfeltet.

 


just a little insight in how i edit my photos in photoshop. i think google translator could be helpful!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *