første brev til han der fine.

(han der fine er i palestina. der spelar han musikk og representerar kommunen sin. han reiste i går og eg klarte ikkje å stå opp før klokka var tre på dagen, det gjer vondt i fingrane og nakken min føles rar for eg har ingen brystkasse å sove på. eg er ikkje meg sjølv, eg er ein person som kjøper jif kjøkkenspray og støvsuger plassar der ingen ser, ryddar i skuffer og flyttar på bøker, saknar han og synthen og musikken og kyssa og hendene. så derfor sender eg brev. ikkje på ordentlig, men brev likevel. dette er det første)

first letter.
hei, jostein! i går var eg på mekken for første gong. der ser det litt sånn ut.

first letter.
der er hyller fulle med bøker over alt.

first letter.
og fine plakatar med lunger.

first letter.
og fine foster.

first letter.
og veggmaleri.

first letter.
og heidi og caroline på magasinmøte.

first letter.
heidi hadde laga muffins og eg kjøpte ein chai latte.

first letter.
og dette bildet syns eg var fint.

first letter.
dette bildet tar dei alltid på kafé, er ikkje det fint?

first letter.
dette bildet tok eg gjennom fjæra til julie.

first letter.
det som caroline har over auget.

first letter.
me sendte pinlige sms til gutar og såg på alle gutane som kom inn, men så jobba me masse óg og avtalte masse. på veg heim snakka eg om at alle seier til meg “jamen du klarar jo ei veke utan han” også tenkjer eg berre jamen eg vil ikkje! eg vil ikkje vera utan deg, sjølv om du gløymer å vaska vasken etter du har barbert deg og alltid legg nøklane på pulten min eller plassar der du ikkje finn dei igjen. men det går fint. og snart kjem heidi og caroline hit til meg for å drikka vin og le. sigrid er her allereie, ho les aftenposten på sofaen.


så krølla eg håret mitt og skypa med deg også la eg meg og mellom det så klarte eg å sjå ca fem timar med tv. eg vil at du skal komma heim no, eg er ikkje flink på å vera aleine, eg er best i tospann. eg er forvirra om eg skal skru globusen mot argentina eller palestina så eg byttar på. eg håpar du har det fint og det veit eg egentlig at du har. suss.

 


this is a letter to my boyfriend who is in palestine, just to let him know how i am doing and that i miss him. yesterday i was at oslo mekaniske verksted. heidi had baked muffins and i had a chai latte and admired the anatomical posters on the walls.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *