ein halv laurdag på frogner.

frogner saturday.
dagen i går starta med ein sjokolade og eit brev i postkassa som josefine hadde lagt der. så fantastisk snillt gjort og eg vart så himla glad. ein virkelig fin start på dagen.

frogner saturday.
det var himla masse vind så me måtte kneppa igjen jakkene og ha skjerf på.

frogner saturday.
det vart trikkekork fordi ein bil hadde stoppa på trikkeskinnene med nøklane inni bilen og medan me venta på tauebilen spelte me trivial pursuit.

frogner saturday.
frogner saturday.
så kom me fram på frogner, niels juels gate, sebastien bruno. åh. me snakka om kaker med ho som jobba der som er så søt så ein vil ta ho med heim.

frogner saturday.
så gjekk me til frognerparken og eg drog med meg han der fine inn i ei busk. han er fin.

frogner saturday.
og han tok til og med bilder av meg.

frogner saturday.
så satte me oss på ein benk med utsikt til monolitten.

frogner saturday.
med ein papirpose med makronar. åh.

frogner saturday.
me såg på fine blad som me ville ta med oss heim, så det gjorde me.

frogner saturday.
og åt makronar.

frogner saturday.
som var så så så gode, kanskje fordi dei berre var ekstra gode eller fordi det var så lenge sidan sist.

frogner saturday.
me snakka om framtid, om london om paris, om kjærleik. så fylte me posen vår med blad og trikka heim og resten av dagen kosa me med julie, åt pizza og såg film og tok det heilt rolig og fint.

hadde de fine laurdagar? håpar som vanlig at de klinte, det gjorde eg.


my saturday was spent in the frogner park with french macarons and talking about the future and us and love.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *