adresser.

Pink Princess

jens davidsonsv. 4
knekkebrød med brunost og kaptein sabeltann, å køyra med bilar under ei etasjeseng, bada i badekaret så ofte eg orka og lesa sølvpilen i skapet med lommelykt. dartbrett på innsida av døra, ein krakk vart brukt som liksom-laptop og eg hadde gardiner med rare figurar på. madrassa var rund i kantane mens senga hadde hjørne og der var det akkurat plass til å gøyma smukkar eg kunne ta fram når pappa hadde sovna etter å ha lest albert åberg medan eg mima alle orda. svart skinnsofa og ein pappa med bart, mamma som lurte meg til å tru at det tok ti minutt for neglelakk å tørka berre for å ha meg hengande ut vindauget ei stund, husfred. eg lærte katten, lukas, å hoppa ned fra verandaen i den tru at han skulle ha det bedre med å vera fri innimellom heilt til han vart påkjørt og eg drømte det akkurat kvelden før og visste at det var det mamma skulle sei då ho kom køyrande for å henta meg på skulen. julaftanar med fløyelskjolar og nissefruefregner og krøllelillesøster. piknik med fisher price-kassettspelar under verandaen og eit vennskap som har vart og skal vara heile livet.

Dream House

myri 4
seks år og me flytta dagen før søttende mai, den hausten begynte eg på skulen og det var del ein av dei beste og verste åra av mitt liv, å bygga trehytter i skogen og å gni treet med klut fordi me trudde at det vart friskt igjen da, gnidde og gnidde på eit tre med blaute klutar i timevis. rustne spiker gjennom adidas-flipflops, gjennom foten. andre etasje i garasjen der det ikkje var lov å vera var eg alltid, det var ikkje golv der men det gjorde ingenting, hoppa fra planke til planke og hang som apekattar fra bjelkane i taket. ein onkel som køyrte over foten min. til saman kanskje 15 nye kattungar, ei kanin, ein hund, tre hamster og utallige fiskar i eit akvarium.

farnesvegen 48b
hit flytta me til mitt første år på ungdomsskulen, eg gjekk kledd berre i svart og hata livet og meg sjølv, hadde det så vondt at eg berre ville forsvinna og midt i alt det vonde fekk eg ein kjæreste som eg aldri kunne drømt om, ein som fekk meg til å eta når eg gløymte det og sova når eg måtte, stå opp for å gå på skulen og holda ut til han skulle komma kvar veke. kvar onsdag kom han med bussen, eg la meg til å sova etter skulen fordi eg ikkje orka å venta til han skulle komma, han vekte meg også låg me der, i senga, i to og ein halv time, kvar onsdag, og det var det som virkelig redda meg fra mørket i meg sjølv.

åsavegen
flytta heimefra som seksten år, til sandane, følte meg så himla modig og så himla redd samtidig, kvelden mamma og pappa køyrte ut fra tunet fulgte eg bilen med augene og når eg ikkje kunne sjå bilen meir så var det nesten så eg ikkje fekk pusta, men det gjekk bra. eitt år budde eg der, det var kreative middagar og grøne vafler og krigar med dei som budde under oss, frustrasjon over hybelvertar og å føla seg litt for voksen enn ein egentlig var. eg flytta herfra midt på natta, full som ein snømann, heiv alle tinga mine oppi ei handlekorg og køyrte dei bort til:

kråkeslottet
det beste som kunne skjedd, eg flytta inn med fredrik til andre klasse på vidaregåande og me hadde det så fantastisk sjølv om det var millionar av vonde ting rundt oss som skjedde var me som ein hard klump av motstand og hjalp kvarandre lydlaust gjennom alt. mamma hadde eit hjarteinfarkt, me mista folk og fekk nye folk óg. me såg alt av six feet under, sex and the city, ally mcbeal, hadde dei mest fabelaktige festane i dusjen og i hagen og drakk meir vin enn eg har lyst til å hugsa. bananfluger og detoxkurer, teit hybelvert og flinke lærarar. eg sa ikkje hadet når eg reiste, berre gjekk, grein heile vegen bort til hybelen til han der fine med ein gul koffert etter meg, såg meg ikkje tilbake og tenkte at no er eg ferdig med denne plassen. folka mine er dei samme, men plassen er ikkje.

klockbranna036

marselis’ gt. 24
august i fjor, flytta til oslo og var fullstendig livredd for å bli sambuar, for voldtektsmenn, for så altfor mange personar på éin plass, hadde høg puls eit halvt år etter me hadde tømt alle kassane. forelska meg i byen, i nye folk, lærte meg å vera meir positiv, mindre redd, lærte meg at det er greit, det går bra. vart forlova og det er eg framleis. og her bur eg framleis, for ei stund til. og eg angrar ikkje på noko.



the places where i have lived. some good, some bad, but no regrets.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *