om ringen.

okei, no trur eg at eg er klar for å dela litt meir av forlovelseshistoria. nokon gongar når noko så fint skjer så vil ein berre holda det tett tett inntil kroppen for ein er redd for at det forsvinn om ein seier det til nokon. men no er eg klar, og første del i frierihistoria handlar om ringen.

oktober 2009: eg skriv eit blogginnlegg om at når eg skulle forlove meg og om eg fekk bestemma ringen sjølv skulle det bli denne fra dior, i gull.

desember 2009: han der fine startar jakta på ringen, som skal visa seg å bli veldig lang og komplisert. franskmenn hatar epost og telefonsamtalar er vanskelig å skjula frå nokon ein bur med. han tar meg med på gullsmed for å måla fingerstørrelsen min.

januar 2010: eg reiser med klassen min til berlin, og hedvig(i klassen) har ein konto full av pengar fra han der fine. ho skal henta ringen i berlin og ta den med heim utan at eg merkar det. han der fine får vite at dei har fått ein ring, men det er feil ring, og hedvig må reisa heim utan.

mai 2010: han der fine går på gangen for å snakka i telefon, og på engelsk, og eg skjønnar at det er ugler i mosen men fantaserar om alt anna enn ein forlovelsesring.

22. juni 2010: ei pakke kjem på døra fra dhl. han der fine er ikkje i oslo. pakken er fra galerie lafayette, og har veldig lite diskret innpakking, eg er nittiåtte prosent sikker på kva som er i boksen og klarar ikkje å sitta i ro i parken med janne og om natta drøymer eg at eg går i søvne og opnar den.

23. juni 2010: fredrik og christine kjem, eg har hatt så lyst til å opna pakken at eg ville bita av meg fingrane. eg seier det til christine og fredrik og skjønnar at fredrik veit noko. han der fine skal komma med bussen ca klokka ti. me kjøper mat på lille asia, set oss i parken og midt i nudlane snur eg meg og mange timar før han skal komma med bussen kjem han gåande opp bakken i dior-dressen og lilla sløyfe med ein kvit dior-pose i hånda. eg blir: overraska, overlykkelig, supernervøs, veldig veldig glad og veldig veldig skjelven. me veit begge kva som skal skje og eg drar han med meg inn i skogen og eg klemmer han så hardt at tårene berre renn før han går ned på kne og da klarar eg ikkje å snakke så eg berre nikkar ja og det var greit også opnar han boksen og eg hyler.

 

(akkurat den eg ville ha og i kvitt gull og eg er så redd for å mista den at eg syklar bysykkel med knyttneve)

 


about my engagement ring. my fiancee looked for the ring for six months before he finally got it, and proposed. my beautiful white gold dior oui with a diamond to dot the i. <3

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *