tysdagseventyr.

ein liten tysdag.
i går skulle han der fine ta meg med ut på eventyr. masse eyeliner på og ein prikk sjølvsagt, så ut ut ut.

ein liten tysdag.
me reiste til kolonihagen på frogner. der var det så fantastisk fint og koselig. kolonihagen er eit bakeri og restaurant i eitt, og fokus på økologi og dei beste råvarene.

ein liten tysdag.
me snegla litt i disken før me fant ut at me ville ha scones og kanelbolle, og shakerato som var kald espresso, omtrent. men veldig godt med litt ekstra vatn i.

ein liten tysdag.
<3

ein liten tysdag.
etterpå drakk me eplejus som var veldig god men ikkje like god som balholm sjølvsagt. berre nesten.

ein liten tysdag.
eg hadde fått lilla kåpa på og drakk jus sakte sakte for det må ein når den er så god.

ein liten tysdag.
så reiste me heim, laga den beste tomatsuppa nokon gong med creme fraiche i og ved sidan av: toast med løk, gulrot og sopp. så.godt. så såg me how i met your mother i kanskje tre timar.


my tuesday: j took me out to a café where we had scones and cinnabuns, then we went home to eat home made fantastic tomato soup with toast.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *