om å bli gjenkjent på gata.

0903-843

eg veit kven de er. de er dei som kjem fram midt i gangfeltet for å sei HEIEGELSKARBLOGGEN DIN, de er dei som stirrar gjennom bokhyllene på ark, de er dei som snur seg førti gongar når de går framfor meg, de er dei som kviskrar til venninner og ler og peikar, de er dei som smiler litt lurt ned i skjerfet, de er dei som vinkar hysterisk fra trikken, de er dei som ikkje får ut eit ord men heller klemmer så hardt de berre kan, de er dei som gjer at det er så himla fint å blogga. de trur kanskje at eg ikkje skjønnar at de veit kven eg er, men eg veit det. som ein brytar i magen som skrur seg på, eit glimt i auget som heiter hjartesmil kanskje. og kvar gong eg og han der fine snakkar om dykk så kallar me dykk for sløyfejenter og det tykkjer eg er så fint. håpar de har nydelege tysdagar. det skal eg. suss.


just to let my readers and fans know i know who they are and i recognize them on the street almost every day.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *