med låst dør…

…ligg eg på golvet på badet i kanskje ti minutt. der er det varmt og glatt og ein får akkurat tid til å tenka seg litt om.

…sminkar eg meg så eg ser rar ut og ler høgt til meg sjølv i spegelen.

…gjer eg pilates i kjole og tights.

…kan eg grina høgt høgt høgt på grunn av ei fin setning i ei bok og nesten ikkje føla meg rar i heile tatt.

…skriv eg brev til fine folk eller folk eg ikkje kjenner.

…scannar eg ansiktet mitt kanskje tjue gongar.

…høyrer eg på glee-soundtracket tre gongar på rappen medan eg ryddar og tørkar støv.

…les eg gjennom heile favorittbloggane mine, kanskje eit heilt år bak i tid. eller meir.

…skriv eg tekstar som eg aldri i livet hadde turt å legga ut her.

…leitar eg etter brudekjolar på etsy og syns i to sekund at det er trist at eg aldri kan vera ein storleik 34 når alle dei finaste kjolane er det.

…tenkjer eg på korleis bryllupsfesten skal vera og føler meg så lur som held korta så tett til brystet. fantaserar om menyar og vegetaralternativ og fargar og folka og kleda og drinkane og fotograf og sko og kjærleiken.

İstanbul



things i do when the door is locked: do my pilates in a dress and tights, write letters to nice people, scan my face(i do this a lot actually), listen to the glee soundtrack on repeat, read through my favorite blogs, think about my wedding.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *