haustkjærleik.


marais

kvart år den første september føler eg pirret i magen, som noko nytt som skal starta og som skal vara lenge. når det første brune bladet kjem dalande og treff meg i ansiktet eksploderar hjartet mitt i septemberkjærleik. haustkjærleik. og sidan den første alltid er ein start på noko tenkte eg å oppsummera kva eg har tenkt å bruka hausten min til:

jobba på ein fin plass.

møta nye personar.

klina på nye plassar, og kanskje litt ekstra mykje.

selga sånt eg ikkje treng lenger for å gjera plass til nytt som er fint. det er jo tross alt loppissesong.

gjera ipoden min klar for å gå herifra til nordahl bruns gate fleire gongar i veka.

snakka om kunst og kjærleik med fredrik.

snakka om sex med janne.

sakna christine så det gjer vondt.

invitera sunniva på kveldsmat. bollar og brunost.

reisa heim til mamma og pappa og søster og gå med tjukkesokkar og rød lue.

bli flink til å miksa drinkar.

laga masse ny vegetarmat og ikkje legga ut ei einaste oppskrift med kjøtt i.

invitera til fabelaktige middagsselskap.

vera glad.

ta masse nydelige bilder med hasseblad, som aldri har sett ein haust i oslo før.

læra meg noko nytt.

laga fine spelelister som eg sender til folk eg er glad i.

planlegga bryllup sjølv om det er lenge til.

drikka så mykje rosévin eg kan før raudvinen tar over.

kva skal de bruka hausten til?


it’s the first of september today, my favorite time of the year: autumn. this is a list of all the things i want to do this fall. like invite people to dinner parties, learn something new, plan the wedding although it’s far away. drink a lot of rosé wine before the need for red wine comes. mix drinks like there’s no tomorrow, meet new people, find a job at a nice place. that kind of thing.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *