om fine jenter.

the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.the day he proposed and how normal it started.2501-149bed jumpingsonjaamsterdamjulielacebowties and heinekenthe last of novemberlongest day of my life.fredrik's birthday.

eg vil få takka den patetiske personen som skreiv dei forferdelige kommentarane til meg i går(til dei som lurer: eg har varsla it-avdelingen til universitetet i tromsø med ip-adressene ho brukte, så me kan berre håpa at det ikkje vil gå stille forbi). for ho fekk meg til å føla meg enda meir fantastisk enn eg kanskje er, fekk meg til å innsjå kor sterk eg er som ikkje lar meg knekka og fekk meg til å sjå kor fantastiske jenter kan vera. i kommentarfeltet hagla det med ståpå-kommentarar som varma i kinna og i magen. for eit år sidan hadde eg sletta dei slemme kommentarane, hylgrine meg i søvn og prøvd å gløyma at det skjedde, men eg lar dei stå. eg svarar, eg lar meg ikkje knekka men føler meg heller sterk som faktisk klarar å le av dei som føler behov for å trykka andre ned i gjørma gjennom dataskjermar på den måten. eg veks som person for kvar dag som går og eg er fantastisk. eg er kreativ og sjølvstendig og intelligent, eg lar meg ikkje knekka og eg er stolt av meg sjølv og mine jentevenner.

for jenter er fantastiske.
mine jentevenner er sterke skapningar som ikkje er redde for å stå på men som óg ikkje er redde for å vera redde og ærlige om korleis dei har det. dei studerar til å fylla stillingar i mannsdominerte yrke, dei er leiarar i organisasjonar, utval og elevråd, dei bryr seg meir om helse og smak enn kilo og kaloriar, dei jobbar drittjobbar for å få råd til fine kjolar og raudvin, dei lærer nye ting om seg sjølv heile tiden, dei syr sine eigne klede og bakar bollar etter oppskrifter i hovudet og les marknadsøkonomi mens dei steiker i ovnen, dei drit i kjønnsroller og kler seg i kva dei vil, har sex som dei vil med kven dei vil og snakkar høgt om akkurat det dei vil(utan at det er motstridande med å grina kvar tirsdag til grey’s anatomy). dei er sterke og stolte av seg sjølve og er ikkje redde for å sei det, dei er fantastiske. og eg er så himla heldig som får ha denne bloggen og får litt innsikt i kor fabelaktige jenter faktisk kan vera i å støtta kvarandre når det er vanskelig.

eg vil anbefala å lesa gjennom kommentarane eg fekk i går, og tenka på at dette er jenter, over tohundre stk, som ikkje eingong kjenner meg men som tar seg tid til å skriva desse fantastiske kommentarane. de er fantastiske. ikkje gløym det. sei det til deg sjølv kvar einaste dag. omgi deg med personar og ting som gjer deg glad, som gjer deg sterk og stolt. jenter, altså. ein må berre elska dei.


yesterday i got some pretty terrible comments, and this is just to say i’m sorry to all girls. yesterday i thought all girls were horrible creatures who break eachother down, but when i’d had some time to think i realized all my girl friends, and 97% of my girl readers, are amazing and strong and will support one another no matter what.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *