om ein søndag er ein dårlig søndag kan ein.

skriva postkort til bestemødrene sine og andre fine folk som blir glad for postkort.

sjå favorittfilmane sine på vhs, eller lata som om det er vhs i alle fall, ha noko fint i eit glas eller ein kopp og ha teppe til(om det egentlig er for varmt for teppe kan ein ha ei vifte i tillegg, berre for å få feelingen liksom)

setta på favorittmusikken sin og rydda, for ein blir glad av å ha det fint rundt seg.

ha piknik i hagen eller i ein park og ta med eit fint magasin som gjer ein glad. (apropos magasin har eg spennande nyhende som kjem denne veka og det kan de jo tenka og lura litt på)

klippa ut fine bilder fra magasin og lima dei inn i ei bok så ein kan ta det fram og sjå på når ein har ein litt dårlig dag og kjenna at hjartet blir litt mindre tungt.

lasta ned og sjå heile første sesongen av glee eller ein anna fin serie ein likar og som gjer ein glad(eg ser for tida dexter, og elskar elskar det).

fylla inn fine ting som skal skje framover i ei planleggingsbok.

legga opp ting ein ikkje treng lenger for salg, til dømes på etsy(det skal i alle fall eg gjera i veka som kjem) og planlegga å kjøpa noko skikkelig fint for pengane ein tjenar.

skriva lister over ting som gjer ein glad. skriv og skriv til du har kanskje hundre. her er mi kjappe liste:

1. å ha det lille sekundet med innsikt der ein faktisk er stolt av seg
sjølv og alt ein har oppnådd, og ser seg sjølv for det ein er.

2. å
snakka med snille politifolk som ikkje vil anna enn å hjelpa og visa at
dei er der om det skulle vera noko.

3. når restaurantar i oslo
beskriver seg sjølv som “solfylte” sjølv om det er storm og regnar.

4. smirnoff
ice i plastbeger når ein har drukke øl fra boks i to veker i strekk.

5. å
føla seg voksen fordi ein kjøper heinz-ketchup
.


andre tips?

(til adelaide som har ein dårlig dag og til alle andre som treng det. suss)


if you’re having a really bad sunday i have some ideas for you: write your grandmother(s) postcards(or someone else).  watch your favorite films on vhs(or on dvd, but pretend it’s vhs anyway). clean your house to your favorite music because everyone in a bad mood needs to have a nice environment. picnic in your backyard with magazines or a nice book. download the first season of glee and watch watch watch it. write down nice things to come in your day planner. photograph and sell things you no longer want or need on for example etsy and plan to save the money for something you really want. make lists of things that make you happy (for example: 1. being able to see yourself for what you really are, if only for a split second, and being proud of everything you’ve accomplished and done. 2. talking to nice policepeople. 3. when restaurants define themselves as “sunny” even though it’s pouring down. 4. smirnoff ice in plastic cups when all you’ve been drinking for two weeks is beer from cans. 5. feeling like a grown up because you choose heinz ketchup)

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *