101 ting som får meg til å stå opp om morgonen.

1. når eg sit på loftet hos mamma og pappa og kan høyra kven som kjem opp trappa på måten dei går på.

2. at eg kjenner igjen dei aller fleste vennene mine på hendene deira.

3. å diskutera og vera uenig med nokon om noko som faktisk er fakta også slår me opp i leksikon og eg har rett.

4. å stempla ting og folk og å tatovera folk med fargerike tusjar.

5. å skriva C på hånda for at eg skal bli flinkare å ringa christine.

6. når sennep er så sterk at ein får vondt i nasen av å eta det.

7. når nokon har ein fin idé og deler den så eg kan komma med masse innspel og gleda meg veldig på vedkommande sine vegne til dei skal realisera det.

8. når nokon spør meg om noko eg er skikkelig flink på.

9. når eg putalar rekningar før frista går ut.

10. å leva på hundre kroner dagen(femti kroner per hovud). det er så mykje meir spennande enn å berre kjøpa akkurat det ein vil ha i putikken.

11. å vaska opp og ha nokon ved sidan av seg som tørkar.

12. når folk et kake med hendene på fest.

13. når mamma gjer snabelspissmus-ansikt.

14. å vera hos bestemor og ho er så glad for å sjå meg at ho går fram og tilbake fra kjøkenet og det er enkelt for kjøkenet har to dører så ho går rundt og rundt men blir faktisk aldri svimmel.

15. å kjøpa ferske urter og berre rista på hovudet av prisane i noreg for det burde jo vera billigare når det er så stor forskjell.

Happiness hit her.

16. når ein leverer film til framkalling og ein seier “kun framkalling, ingen kopiar” og ho bak kassa seier “ja, veit det” for eg har sagt det så mange gongar før.

17. å eta pasta til frukost.

18. å læra mamma og pappa nye ting.

19. å læra nye ting av femåringar.

20. når kjærestepar har faste plassar ved bordet og i senga.

21. å drikka melk rett fra kartongen.

22. når eg og han der fine må springa heim for poirot begynnar om tre minutt og det er søndag og det er det me gjer på søndagar.

23. å få ligga i ei seng med sengehimmel og hugsa at det var alt ein ønska seg då ein var elleve når det ein ville mest var å bli interiørarkitekt.

24. å tygga inn i det ein trur skal vera ein vanlig bolle men den er fylt med vaniljekrem og ein må eta den med augene igjen.

25. å våkna etter ein fest med fire stk på golvet og når ein snur seg mot dei andre så er det nokon som har våkna som mimar god morgon for å ikkje vekka nokon andre, også legg ein seg til å sova eit par timar igjen.

26. små jenter med skrubbsår på knea.

27. små gutar med rosa skjerf.

28. å sitta ved eit bord med nokon og på andre sida har ein person ei avis og finn ein quiz og stiller spørsmål og ein kan alle svara men berre fordi alle svara står opp-ned og det hadde ingen tenkt på.

29. når små gutar skriv ønskelister for purstagen sin og øverst står det “SYKEL” i snirklete bokstavar.

30. at eg og han der fine har felles økonomi men framleis blir superglade når me spanderar ting på kvarandre.

31. når pappa har med flagg i bilen når han hentar meg på bussen.

32. når gutar har fine sko på men ingen sokkar og ein ser for seg at ein gløymte igjen sokkane sine mellom madrassene i ei jenteseng og ho søv framleis med lilla lepper og drøymer om kvelden før.

33. å laga girlander.

34. å pakka inn purstagsgåver og skriva fine kort til, for det er så få som gjer det lenger, det er så ofte pengar eller usentimentale ting.

35. når ein har langhelg og trur det er søndag på laurdag men plutseleg finn ut at ein kan vera oppe lenge og drikka så mykje raudvin ein berre vil, også gjer ein det.

36. å vera skikkelig fattiglus også finna litt pengar i lomma på ei jakke ein ikkje har brukt på lenge pluss panteflasker også kjøpa mat for akkurat nøyaktig på krona.

37. når ein er i stort selskap og det er buffet og bordet ditt får lov til å gå først for å finna seg mat.

38. sørlandschips som er heilt krøllete.

39. å bretta origamikjolar med hemmelige beskjedar oppi eller berre vonde ord som ingen nokon gong kjem til å finna for ingen øydelegg vel ein origamikjole.

40. å gå tur i heimbygda når det er midt på natta og ein føler at ein er dei einaste personane i verda som eksisterar.

41. å vera skikkelig forelska også laga deg sjølv og han/ho du er forelska i på sims også blir dei fort forelska og får nydelege ungar.

42. å ta på seg truser og strømpebukser som kjem rett fra tørketrommelen.

43. å kjøpa ny tannbørste.

44. når ein får til å laga mat som lignar veldig på sånn det ser ut i kokeboka.

45. å få latterkrampe av noko på eit bibliotek eller museum og holda hånda så hardt framfor ansiktet at ein nesten ikkje får pusta.

46. når ein har hatt fest og det står igjen éin type av alle typar øl og cider igjen i kjøleskapet og ein kan invitera til fest berre på ting ein har fra før.

47. å ha morgonar som varar til langt ut på dagen med kryssord i senga, pizza fra kvelden før, kald appelsinjuice og fem koppar te.

48. å sei til ein venn at ho/han har noko mellom tennene og føla seg som ein ålreit person.

49. stein, saks, papir.

50. å læra nye drikkeleikar.

51. cola på glasflaske.

52. cola på boks.

53. å gi vekk det siste dropset/den siste tyggisen og føla at ein har vokst som menneske sidan ein var kanskje tolv.

54. folk som berre ristar når dei ler og ikkje lagar lyd.

55. plastelina.

56. når folk ser rarfine ut i badehetter.

57. bilder av bestemor då ho var på min alder og når ho fortel om korleis det var og om bestefar.

58. å sitta inni bilen når den blir vaska i bilvasken.

59. å finna leiker pappa hadde då han var liten.

60. å sei prosit når nokon på trikken eller i heisen nys.

what i bring to you for 2010.

61. å sjå film med nokon som snakkar til filmen “nei, ikkje gjer det!” “han står rett bak døra!!!”.

62. å ha sex ute.

63. å ha venner som ikkje likar det gule i skulebollane og føla at ein derfor er skapt for kvarandre.

64. å ha purstag på ein fredag eller ein laurdag.

65. å ha purstag på ein søndag men feira på dagen likevel.

67. å ringa ein venn etter ein fest som varte heile natta og sei “hugsar du når ho knuste blomsterpotta og han skreik som ei lita jente også når me hoppa i senga til ho som eg ikkje hugsar kva heiter?”

68. å bruka “sist brukte”-lista over folk eg har sendt tekstmeldingar til som eit måleinstrument som bestemmer om eg er flink nok til å holda kontakten med vennene mine.

69. å sitta i stolen på norli på oslo city og lesa ei bok ein har med seg når ein ventar på at filmen skal bli ferdig framkalla også vera litt nervøs når ein går fordi dei kanskje kan tru at ein prøver å stjela ei bok.

70. å ha problem med å sova heime fordi ein har blitt så vant til å høyra sirener og folk som skrik og elva heil
e natta lang.

71. bobleplast.

72. når ein ikkje kjem på kva han der skuespelaren heiter mens ein et middag med nokon andre og ein kjem på det to dagar etterpå og sender melding og den andre personen skriv “JA!!!!”

73. museumsputikkar.

74. å sitta på med ein bil og rulla glaset heilt ned og ha armen ut og berre kjenna på vinden.

75. når ein venn prøver å læra deg noko som ein lærte vekk til dei for berre ei veke sidan.

76. når ein er på restaurant og personen ein er med ser maten komma og liksom inhalerar og gjer seg klar for å eta.

77. å få noko fint av ein venn fordi ein har navnedag sjølv om ein ikkje visste det sjølv.

78. å ringa til ein take out-plass og sei at maten er heilt fantastisk og høyra at det er ganske få som gjer det og at dei vart så glade at dei ikkje veit kva dei skal sei.

79. å kjøpa ein kjole også etter ein har hatt den på kanskje tre gongar finn ein ut at den har lommer.

80. rett før ein skal reisa ein plass og ein står i køen på gardermoen med ganske mange personar og ein ser på passbilda til kvarandre og ler av kor annleis det går an å bli av så kort tid og av at nokon kanskje aldri kjem til å forandra seg.

81. når pappa sender melding til meg ein gang i månaden eller så, kvar gong klokka 23:04 der det kanskje kun står “23.04” fordi eg har purstag 23. april.

82. å sova litt midt på dagen fordi ein veit at det kjem til å bli ei lang natt.

84. når femten år gamle jenter brukar eit vanskelig ord heilt feil og ein ikkje vil sei det til dei for det er så sjarmerande.

85. å lesa gjennom tekstmeldingar ein har lagra for lenge sidan.

86. ting med borrelås.

87. når erlend loe har skrive nye bøker utan at eg har fått det med meg og eg brukar dei siste kronene mine på boka og køyrer trikk rundt og rundt heilt til boka er tom og middagen er kald.

88. å kjøpa napoleonskake og skrape vekk mesteparten av kremen for ein toler ikkje krem så godt og eta den som ei flat pannekake og bli kvalm likevel.

89. å sminka seg med nokon andre sin sminkepung og føla seg som om ein er elleve år igjen, desperat etter å sminka seg som dei i sjuende men heilt utan ferdigheitene.

Things...

90. gamle menneske som har vakse opp så lenge ilag at dei lignar på kvarandre.

91. når ungar syng paprika paprika istadenfor afrika afrika.

92. lukta av kanelsnurrar.

93. når kvalpar ikkje heilt kan springa enda så dei meir hoppar bortetter som om dei hadde hoppestokk i føtene.

94. å sjå eit ord på eit anna språk og forstå det.

95. klementiner.

96. å høyra ein ny sang som får deg til å grina.

97. lunsjavtalar.

98. å gi vekk ting ein er kjempeglad i.

99. å få eta alt ein vil når ein er sjuk.

100. å kjenna nokon godt nok til å sei “no syns du berre synd i deg sjølv. get over it. kom deg opp av sofaen og drikk ei øl”.

101. å ta buss tilbake til oslo etter ein månad utanfor byen.

klarar du å finna 101?


101 things that make me get out of bed in the morning. including: pasta for breakfast, old couples who look like eachother, lunch dates, giving away things i love, paying bills before they’re due, drinking milk straight from the box, bubble wrap, sex outside, sleeping in the middle of the day because someone’s throwing a party, eating everything i want when i have the flu, cinnabons.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *