stille/sakn.



bileta er linka

i baksetet på ein taxi, eg prøver å lesa dei siste sidene av ei bok og det er dei viktigaste sidene, du veit at det snart er på tide å ta farvel med boka og karakterane som har fått deg til å sitta med globuslys i senga heile natta, med tårer av alle slag i auga og på dynetrekk. i baksetet på ein taxi, og mamma snakkar tysk med sjåføren. hovudet mitt overset alt ho seier til norsk og det blir ein del av historia, ein fullstendig ulogisk del som ikkje skal vera der og da ynskjer eg meg at eg skal få eit headset ein kan setta på høgaste volum i og alt som kjem er stillhet. ikkje den typen stillhet som er heilt heilt stille når ein har øyreproppar på, men den typen når ein sit i ein park, litt vind i treet over som skuggar fint over teppet ein sit på, fuglar som flyg aleine eller saman, luft av svidde pølser nokre dusinmeter unna, folk som ler, folk som kjederøyker sigarettar og kliner bak trerøtter. oslostillhet, den beste typen. eg lengtar sånn til byen no at eg held på å bli gal.


about really really missing the silence of the city, sitting in a park on a blanket with three thousand things going on around you but you can’t hear a thing.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *