fine folk
eg har mange fantastiske venner, venner eg kan senda ein melding til og sei “eg har det kjipt, vin/pink lemonade/film/kom hit?” mange trur at ein ikkje har det, men av og til er det berre å senda den meldingen og sjå korleis det utviklar seg, for dei aller fleste vil ta det som eit stort kompliment å få lov til å vera der for ein når ein ikkje har det bra og det er ofte sånn dei finaste vennskapa utviklar seg.
blomar
eg treng å ha blomar rundt meg for å ha det bra. det høyres nok litt flåsete ut, men jo. for at eg skal klara å holda det ryddig heime må eg ha noko å ha det ryddig for, og få ting er tristare enn ein blomsterbukett i eit rotete rom. blomstrane kjøper eg først, så ryddar eg rundt og vips ser det plettfritt ut heime og da gjer det ingenting at kleda kanskje ikkje har brettekant i skapa, for det er det ingen som ser.
mat
å eta favorittmiddagen sin på ein tung dag kan hjelpa meir enn ein forstår før ein faktisk gjer det. å eta i sofaen er óg lov på ein dårlig dag, eller til og med å gå ut for å eta, kjøpa med seg grønn curry og setta seg i ein park eller laga maten sjølv og ta den med ut, på dei finaste tallerkane på det finaste teppet med nokon fine som ein klarar å vera rundt når ein ikkje har det bra. om alt håp er ute pleier eg å kna deig skikkelig lenge og tenka på alt som frustrerar meg medan eg dunkar deigen ned i bordplata.
å vera ute
å sjå nye ting rundt gatehjørne, å overhøyra andre sine samtalar, å sitta på ein benk ved ei fontene, å teikna folk rundt seg. det er merkelig kor mykje det hjelper meg å legga energien min i andre folk sine liv om eg ikkje har det så fint sjølv. skapar heile verdenar rundt folk eg møter på min veg også ramlar eg inn døra med latterkrampe og er ein heilt anna person enn når eg gjekk ut.
å gå
føla at du er kroppen din, kroppen din som er så sterk og fantastisk og tar deg dithen du vil berre hovudet vil, å få smil fra framande, å høyra på favorittmusikken sin superhøgt og ikkje bry seg om alle høyrer “single ladies” gjennom headsetet for dei høyrer på jan eggum og sånn er det med den saken. (gifen er fra skulevegen min når eg gjekk på vgs)
musikk
alltid når eg har problem med å stå opp om morgonen eller stagnerar fullstendig med hovudet ned i dyna set han der fine på alt han har av ingrid michaelson. eg trur det er rundt åtte songar, eg mimar kvart einaste ord og når dei er ferdige har hjartet mitt det litt enklare og eg klarar kanskje å setta meg opp for å sjå ein episode mad men.
film
hairspray. amelié. mr. magorium’s wonder emporium. rushmore. the royal tenembaums. marie antoinette. virgin suicides. å få leva i eit anna univers i eit par timar hjelper innmari på.
vin
om alt håp er ute er det musserande som hjelper. (forutsett at ein er gammal nok til sånt, såklart)
about sometimes needing to make an effort for life to feel good. my best tips: surrounding myself with people who will come on their bicycles as fast as they can if you ask them to, eating your favorite food even if it isn’t a saturday, listening to your favorite songs and drinking a lot of wine.
Eg har det på same måte! Tvangstankar om mat og trening er i hovudet mitt alt for ofte, og alt for ofte vil eg ikkje vakne neste dag. No lev eg på håpet om at eg skal bli psykisk frisk, og, heldigvis, er dette på plass i dag! Matlaging funkar ganske fint for meg, òg!
Jeg vet ikke hvordan jeg kan si det uten å høres teit ut, men jeg synes du er fantastisk :)
Det siste bildet var fantastisk!
jeg tror alle har dager som bare er kjipe der man helst vil gjemme seg under dyna og ikke komme ut før alt er bra igjen.
veldig fin post, takk for det :) spesielt det venne-tipset…inkluder vennene dine i livet ditt, så vokser vennskapet seg sterkere.
Kjente meg veldig igjen i dette innlegget!
dette var eit fint innlegg! det er rart men fantastisk å vere glad når ein ikkje har vore det på lenge, å kjenne det innanfrå og ut. men takk for tipsa. som du tydelegvis veit, er det ikkje alltid så lett.
Takk :)
Veldig fint, jeg skal huske på dette når det som er litt mørkere kommer.
“… eller kommentarane kun handlar om kor mange dobbelthaker eg har” – auau, fikk vondt i magen av den der. Så ekle folk kan være, altså! Det var forresten en veldig fin guide, som jeg også pleier å følge når jeg føler meg sånn som du.
Å besøka bloggen er også eit utmerka tips for å få det betre på ein dårleg dag! Nydelege bilder, tekstar og tips som dette får alltid tankane på betre vegar:)
Eg fekk nokre tårer i augekroken. No skal eg setje meg ned å lage min eigen guide gjennom tunge dagar! takk for inspirasjon, bloggen din hjelper. takk for at du tør å vera open om alt frå overfladiske kommentarar som borer seg lenggre inn en overflata til psykiske ting som er vonde å bera på. takk takk, det er hovudgrunnen til at din blogg er den finase eg veit om i heile verda, fordi du er fin tvers gjennom. eit ekte hjartesmil faktisk
elsker når det står at du har postet noe på bloglovin! får godfølelse av bloggen din.
Du er nydelig og du gjør såå mange glade med den fantastiske bloggen din:)
Er ny leser av bloggen din! Elsker den <3 Blir nå en fast leser!
Jeg liker også å se på fine bilder på en dårlig dag. Og på en solnedgang…da vet jeg at denne triste dagen er over snart og at jeg får en ny sjanse i morgen.
jeg trykte på “<3like" knappen og kommer til å lese dette inlegget utrolig mange ganger. Du er et fantastisk mennesker. <3
du skriver alltid så fint, og jeg blir alltid litt gladere etter å ha lest bloggen din. tusentusen takk søte :)
Mariell, du er fin.
kjære vene, den som leser bloggen din og klarer å se noe annet ved deg, en at du er nydelig, trenger hjelp og sterkere briller.