ein guide til å ha det bra

det er vanskelig å ha det bra. det høyres kanskje rart ut, men for meg må det innsats til for å våkna om morgonen og ikkje tenka “åh, faen, ein ny dag. igjen”. eg som har eit naturlig mørkt lynne må arbeida hardt og mykje for å klara å setta pris på ting rundt meg, som igjen gjer arbeidet enklare. ein oppoverspiral, om du vil. her er nokre ting eg pleier å gjera når eg har knust favorittkoppen min eller kommentarane kun handlar om kor mange dobbelthaker eg har(det virkar kanskje som overfladiske ting, men det er ting ein kanskje ikkje vurderar når ein ikkje ser anna enn sine eigne skosåler):

fine folk
fredrik's birthday.
eg har mange fantastiske venner, venner eg kan senda ein melding til og sei “eg har det kjipt, vin/pink lemonade/film/kom hit?” mange trur at ein ikkje har det, men av og til er det berre å senda den meldingen og sjå korleis det utviklar seg, for dei aller fleste vil ta det som eit stort kompliment å få lov til å vera der for ein når ein ikkje har det bra og det er ofte sånn dei finaste vennskapa utviklar seg.

blomar
the day he proposed and how normal it started.
eg treng å ha blomar rundt meg for å ha det bra. det høyres nok litt flåsete ut, men jo. for at eg skal klara å holda det ryddig heime må eg ha noko å ha det ryddig for, og få ting er tristare enn ein blomsterbukett i eit rotete rom. blomstrane kjøper eg først, så ryddar eg rundt og vips ser det plettfritt ut heime og da gjer det ingenting at kleda kanskje ikkje har brettekant i skapa, for det er det ingen som ser.

mat
the last of november
å eta favorittmiddagen sin på ein tung dag kan hjelpa meir enn ein forstår før ein faktisk gjer det. å eta i sofaen er óg lov på ein dårlig dag, eller til og med å gå ut for å eta, kjøpa med seg grønn curry og setta seg i ein park eller laga maten sjølv og ta den med ut, på dei finaste tallerkane på det finaste teppet med nokon fine som ein klarar å vera rundt når ein ikkje har det bra. om alt håp er ute pleier eg å kna deig skikkelig lenge og tenka på alt som frustrerar meg medan eg dunkar deigen ned i bordplata.

å vera ute
cherry blossom day.
å sjå nye ting rundt gatehjørne, å overhøyra andre sine samtalar, å sitta på ein benk ved ei fontene, å teikna folk rundt seg. det er merkelig kor mykje det hjelper meg å legga energien min i andre folk sine liv om eg ikkje har det så fint sjølv. skapar heile verdenar rundt folk eg møter på min veg også ramlar eg inn døra med latterkrampe og er ein heilt anna person enn når eg gjekk ut.

å gå
3358702941_3ed6fde8b9_o
føla at du er kroppen din, kroppen din som er så sterk og fantastisk og tar deg dithen du vil berre hovudet vil, å få smil fra framande, å høyra på favorittmusikken sin superhøgt og ikkje bry seg om alle høyrer “single ladies” gjennom headsetet for dei høyrer på jan eggum og sånn er det med den saken. (gifen er fra skulevegen min når eg gjekk på vgs)

musikk

alltid når eg har problem med å stå opp om morgonen eller stagnerar fullstendig med hovudet ned i dyna set han der fine på alt han har av ingrid michaelson. eg trur det er rundt åtte songar, eg mimar kvart einaste ord og når dei er ferdige har hjartet mitt det litt enklare og eg klarar kanskje å setta meg opp for å sjå ein episode mad men.

film
hairspray
hairspray. amelié. mr. magorium’s wonder emporium. rushmore. the royal tenembaums. marie antoinette. virgin suicides. å få leva i eit anna univers i eit par timar hjelper innmari på.

vin
sunday party
om alt håp er ute er det musserande som hjelper. (forutsett at ein er gammal nok til sånt, såklart)


about sometimes needing to make an effort for life to feel good. my best tips: surrounding myself with people who will come on their bicycles as fast as they can if you ask them to, eating your favorite food even if it isn’t a saturday, listening to your favorite songs and drinking a lot of wine.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *