dagar med rosemønster på.

sara and julie in lærdal
i går ankom eg lærdal med han der fine(som bur her), sara og julie.

sara and julie in lærdal
me flytta inn i det gamle huset der ingen har budd på mange mange år, og det var kaldt og dei lo litt av meg fordi eg var mørkeredd og skvatt av kvart minste knirk. (men egentlig gjorde dei det óg) sara las høgt til oss fra boka si og ho har faktisk den mest perfekte lydbokstemma nokon gong.

sara and julie in lærdal
eg og julie dansa og svømte og han der fine spelte telephone på det gamle sure pianoet.

sara and julie in lærdal
og me las i store gamle nynorskordbøker for me prøver å finna eit artistnavn til han der fine.

sara and julie in lærdal
og sara låg med heile kroppen under teppet og me snakka om ånder og mormora til julie som går igjen i huset og som virkar som den søtaste dama nokon gong.

sara and julie in lærdal
<3

sara and julie in lærdal
så la me oss med latterkrampe.

sara and julie in lærdal
og eg snegla litt på arvegods som er så fantastisk.

sara and julie in lærdal
i dag vekte fredrik meg med telefonen, så da stod me opp.

sara and julie in lærdal
eg steikte egg og var husmor til tusen.

sara and julie in lærdal
i mellomtida stirra dama på oss.

sara and julie in lærdalsara and julie in lærdal
sara spelte sangen ho kan på piano på piano.

sara and julie in lærdal
og eg var i spegelen.

sara and julie in lærdal
så vaska me opp alt det nydelige som finst i skapa her.

sara and julie in lærdal
og gjekk til busstoppen, for dei skulle tilbake til oslo og eg ville aldri at dei skulle reisa men berre vera her og leika familie med meg for alltid.

sara and julie in lærdal
på vegen heim kjøpte eg ei korg med dei beste jordbæra i verda. eg gjekk over jorda og brant meg på brennesler og mista mobilen min og reiv opp strømpebuksa på piggtråd, ganske dramatisk.

sara and julie in lærdal
alle bæra vart til fire bitar kvar.

sara and julie in lærdal
og jordbærflekkar på skjørtet.

sara and julie in lærdal
og eg måtte låna ein kopp med sukker fra huset til svigerforeldrene mine, for me har ikkje tørrvarer i dette huset enda.

sara and julie in lærdal
eg åt dei med melk, sakte, medan eg såg ut glaset etter bilar som ei gamal dame ville gjort. så vaska eg opp, kokte jasminte og las ei bok som eg elska i fjor sommar.

til å mislika sommar så mykje som eg gjer, er det fint og rart at juli som regel er ein av dei finaste månadane i året, med fine folk og fine nye kjensler i magen.


yesterday we arrived in lærdal and moved into the old house on my boyfriend’s family’s property(it has been unlived in for decades, i think). it was cold and creepy at times but we managed. today sara and julie left though i didn’t want them to and i ate a whole basket of strawberries all by myself.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *