hjarte rundt eit gutenavn og lunsjavtalar med ei med krøllar (konkurranse)

av og til så gløymer eg ting. ting som er middels viktige å hugsa, som å ringa mormor eller å kjøpa mjølk på putikken. difor skriv eg ned ting i fine bøker. men til slutt blir dei berre det; bøker å skriva ned fine ting i, for eg har så mykje som må ut fra hovudet og da blir det berre sånn. ingen plass til handlelister eller parkplanar eller spontanteikningar av han der fine. heilt sidan eg kjøpte ein personlig almanakk herfra til mamma til jul for to år sidan har eg hatt lyst på ei sjølv men har liksom aldri tatt meg råd, men tenk kor fint at no får eg lov til å gi vekk ei sånn i premie til ein lesar!

desse almanakkane er så fine fordi ein kan velga heilt sjølv korleis dei skal sjå ut både på utsida og inni; kva lister ein vil ha(været, idéar, trening eller karakterar eller mål for veka eller mange andre), ein kan fylla inn purstagar og bakerst kan ein velga om ein vil ha linjer eller sudoku. berre ein sånn ting.

så! det du treng å gjera for å vinna:
finn på ein heilt ny merkedag på ein bestemt dato i året der ein skal feira noko heilt spesielt. det kan vera “ballongdagen, 14.april. alle får ballongar levert på dørklinka 07.00 og saman marsjerar ein gjennom sentrum og til slutt et ein kake og køyrer varmluftsballong for dei som vil. ungane har ballongløp der ein må gjennom ein labyrint full av skarpe ting og den sin ballong som ikkje sprekk vinn!” ca. hugs å legga igjen epostadresser så eg kan ta kontakt! eg avsluttar konkurransen på torsdag klokka seks(på kvelden).

ps: eg set enormt pris på lesarane mine, og eg syns óg det er viktig å dela med meg av fine ting eg finn på internett(og det veit eg jo at de likar óg). eg oppdaterar linkelista mi ofte, og linkar sjølv pyttesmå bloggar som eg syns er fine. derfor syns eg det er trist å sjå at det er så mange som faktisk har
fjerna meg fra linkelistene sine i det siste(fra 99 til 75), sjølv om eg jo veit at det er langt langt fleire som les og som har bloggar sjølv. å linka favorittbloggane sine er det finaste ein kan gjera, for det er sånn internett fungerar; å hoppa fra link til link. så eg håpar de som les bloggen fast og ikkje linkar tenkjer dykk litt om om kanskje eg kan få vera der likevel. berre om de vil, sjølvsagt. suss.


a competition, only for my scandinavian readers, i’m afraid! and also just a ps: i think it’s sad how few bloggers link me compared to how many who actually read and have their own blogs too, so i hope you’ll reconsider and link me if you like my blog. that’s all!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Jeg har prøvd å linke i sånn liste som viser når bloggen har nytt innlegg, men den sier at blogglinken ikke er gyldig. jeg er helt sikker på at jeg har skrevet den riktig! jeg skjønner ikke hva som skjer :( selvfølgelig vil jeg jo helst linke til denne lune, varme, marshmellowen av en blogg.

  • ok. då seier me det sånn då, at eg finn på fleire, for det som skjer no, når kvernane og boblene inni hovudet byrjar å kverne og sprekke, så kjem det så mange idear, så mange tankar, så mange fine dagar som eg ynskjer å skrive opp på almanakken, kanskje lage eit heilt år berre kun fine dagar, dagar som betyr noko, slik at det ikkje berre blir grå dagar, som ein søndag der ein vaknar opp til regn og ein veit at det einaste ein kan gjere i dag er …ingenting.

  • eg synest det er fint at du valde ut akkurat 14.april og ballongdag-tingen fordi eg har bursdag på akkurat den dagen og no veit eg korleis eg skal feira den neste år!

  • Den lange kosedagen, 10.november. En dag som setter fokus på å roe ned tempoet i hverdagen og på små, livsviktige gleder. Alle får fri, og ingen skal stresse med hybelkaniner, deadlines eller unger som må på fotballtrening. Istedet kan barnefamilier spise frokost i senga, single business-menn kan lage heimlaga kakao for første gang og kjærestepar kan bygge dynereir på stua hvor de bruker hele dagen på å kysse og snakke om framtida.

  • drømmedagen, 12 august – dagen du gjør ting du alltid har drømt om, men ikke gjennomført. for meg begynner det med sjokolade til frokost, masse skribling i dagboka, picnik ute i eventyrhagen hvor jeg sitter i skyggen av et tre og hører på lyden av barnelatter. jeg snasker på vannmelon, og går til byen hvor alle smiler og holder hender. jeg sovner ute i hagen sammen med min kjære (vi ser på stjernene, og vugges i søvn):-)

  • Eg òg må tenke litt på merkedagen :) men ville berre seie at eg så klart har linka til deg, og at eg om ca tre sekund skal bestille magasinet, fordi bankkontoen endeleg tillet det, og eg gler meg som ei lita marihøne til det dumpar ned i posten ;D Ønskjer deg ein magisk dag!

  • d ligger i linkelista mi, og der har du vært skremmende lenge. også legger jeg små linker til deg i innlegg fordi du er inspirerende og den fineste bloggeren jeg vet. puss.

  • Besøksdag. Men den er egentlig hver dag, og så går ansvaret på rundgang. Alle som er født den 1. i en måned har den 1. som sin besøksdag og så videre. Så skal man besøke alle ensomme gamle, og unge for den del, mennesker som sitter alene rundt om i landet. Gå på butikker for/med dem, lese aviser, spille kort eller bare snakke sammen og høre etter. Man kan få en fast person, eller rullere på det også. Så skal det foregå akkurat så lenge at det blir en vane for folk og man ikke trenger å minnes på det med hjelp av noen almanakk. Det krever en helvetes organisering og for min del udefinert inndeling av “besøkende” og “besøksmottaker”, men siden ideen er så knakende god burde noen med organisatoriske (??) evner ta seg av dette lett som en plett. Vips ble verden et litt bedre sted!

  • Du har alltid vært linket :) Oslo guiden din i magasinet er forresten fantastisk, jeg brukte den i dag :) Nå er jeg kjempe godt kjent på Grüneløkka, og det blir enklere å ta med kjæresten ut på noe (han bor der du bor) nå som jeg er litt kjent også, hihi :)

  • Mannedagen! Jeg har alltid ment at siden det er en kvinnedag, så burde det jo absolutt være en mannedag også. Det kan være i oktober, for det er en ganske maskulin måned, og 27. er en ganske maskulin dato (inne i hodet mitt ihvertfall).

  • tredje april. jeg har ikke funnet på noe navn til denne dagen, men det skal være en sånn dag der gutter forteller jenta på andre siden av gangen at han liker henne. og at man besøker sin farmor som ser dårlig og leser avisen eller en bok til henne. og snakke med gamle damer på butikken (jeg elsker å gjøre det). og møte de du er glad i og tilbringe dagen sammen med dem.

  • 1. oktober – dagen då ingen kjenner kvarandre. dagen er nesten magisk, for fyrste oktober vaknar verda opp og ingen kjenner kvarandre. ingen veit kvifor ein vaknar opp med ein mann i senga, med tre barn framfor tven, eller kvifor det er kort frå framande menneske som heng på kjøleskapet. men frykt ikkje, i dag er dagen for å bli kjend med nye, og siden dagen er magisk så kjenner ein alle ein kjenner like godt som i september den 2.oktober. men likevel kan ein bli kjend med ektemenn og bestevennar på nytt, eller treffe nokre heilt nye menneske, som ein aldri hadde funne på å bli kjend med, hadde det ikkje vore for denne dagen.

  • 13 oktober: kysspåkinnet-dagen. alle får et kyss på kinnet fordi i oktober trenge alle å bli minna på at sjøl om det bjunne å bli kaldt og mørkt så e det alltid noen som sette pris på deg. og på kalde og mørke dager har mange ein tendens te å glømma detta ut. tenk så fint? eg hadde blitt veldig glad for det, iogmed at eg e ein av dei mange ;)

  • Eg bestilte ny for to dagar sidan, fordi eg er så glad i den eg har, men 8. august tek han slutt. Der står alt eg deltok på og måtte hugsa i året som var, og bakerst har eg dei beste oppskriftene eg oppdaga. Det som gjer den ekstra fin er å skrive med tusjpennar i mange ulike fargar! :)

  • Ingenting-er-farleg-lengre-dag. Ein dag i året, helst på hausten (for då treng ein det mest) skulle ein kunne gjere kva som helst fordi det ikkje var farleg lengre. Den andre november skulle ein kunne hoppe frå høge bygningar, berre for å kjenne lufta mot ansiktet og suset i magen medan ein flyg. Ein skulle ikkje trenge å tenkje på alt som skal skje og å ha for lite pengar i lommeboka og om ein eigentleg er der ein burde vere, fordi alt ville ordne seg. Alle tinga ein hadde gått og tenkt på ville ordne seg. Og om ein gut syntest at ei jente hadde verka distre og smilte skrått, skulle han kunne seie det til ho og då ville det gått bra. Kanskje kunne han hatt ho for ein dag, eller eit år. Ingen tvang, men ho kunne ikkje ha ledd og ho ville ha vore med han heile dagen fordi alle menneske er interessante innerst inne. Om kvelden ville ein kanskje drikke så mykje vin med fine folk at det eigentleg ikkje var sunt, men så var det ikkje ein vanleg dag og då var det med eitt sunt likevel. Før ein la seg om kvelden ville ein kanskje sørge for at alle ein kjente hadde det fint, og alle ville få ei liste med grunnar til å halde seg fri frå redde tankar heilt til neste november.

  • det blir kanskje ikke helt det samme, men jeg hadde en slik dag sammen med min kjæreste. Siste søndagen i hver mnd. Dagen heter sindagen. Annenhver gang arrangerte vi dag for den andre. Det skulle ikke koste masse penger for da blir det bare til at man skal overgå seg selv for hver gang, så det var budsjett på max 500. Det var så fint, alltid like fint. Og det var like gøy å planlegge dagen som å være den som fikk dagen. Det var alltid så godt å vite at den dagen hadde vi uansett i hektiske perioder med mye jobb og skole. Savner han, og savner sindagen.

  • Meg og noen venninner feirer fregnedagen 8 februar. Vi synes fregner er søte, og burde absolutt feires. Det burde feires med en fridag der alle burde feire fregnene sine akkurat som de vil. :)

  • En dag i året, kanskje 3.juni, trekker man ut en heldig person i den byen man bor i. Personen som blir trekt ut får dra på det lokale kjøpesenteret, der man får 15 minutter til disposisjon. Man får også utdelt en handlevogn. Så er det 1,2,3! Løpe så fort man kan gjennom senteret og raske med seg det man har lyst på helt gratis. Fine klær, søt sminke, rare ting man kan pynte med og gjerne en del godteri.

  • 14. juni skulle vore markblomedagen. Då skulle alle gått berrføtt ut i skogen/ein gammal hage/enga/veggrøfta og plukka markblomebukettar og gjeve til dei som betyr noko for ein og som ein er glade i, både kjærastar, familie, vener og andre nære, men også for eksempel den gamle dama som står i vindauget du går forbi på veg til skulen og smiler til deg slik at morgonen din alltid blir litt betre.

  • ånei, jeg trodde det var klokken ni på kvelden du avsluttet konkurransen og så var jeg for sen til å skrive om “du er nok/du strekker til/du er flink”-dagen.

  • 5. januar, overask en ukjent-dagen! På den dagen kan man glede noen man ikke kjenner så godt! Spørre om de vil være med deg på lunsj, gi en ekstra slant til noen som spiller trekkspill eller noe på gaten eller fortelle han/hun som står foran deg i matkøen at han/hun har fine sko! Grunnen til at denne dagen passer tidlig på året, er fordi det blir som en ny start, på et nytt år!

  • Har du lest boka “Nød” av Are Kalvø? Der har Lottomillionærar for Afrika aksjoner hver mandag som skal minne oss på at ting som vi ser på som selvsagt, like gjerne kunne vært gjort på en annen måte.

  • PANNEKAKEDAGEN! dette er den 20.Juli HVERT år. Alle skal spise like mange pannekaker som antall år de er. For eksempel jeg som er 16, jeg må spise 16 pannekaker. Det er selfølgelig lov til å spise andre ting den dagen , men er du for eksempel 30år, så har du sikkert ikke plass til så mye mer etter 30 pannekaker! Alle som ikke klarer det må leve uten internett hele den 21. Juli!