ungarn så langt.

eg er ganske dårlig på å ta bilder her nede, men her kjem i alle fall ein pytteliten oppdatering. på veg fra flyplassen til der me bur fekk me telefon fra kirurgen til pappa som sa at pappa var kreftfri. <3 me feira med rosa champagne og saltstenger. nokre lurer på kvifor me er i akkurat ungarn: bestekompisen til pappa er fra ungarn, og me er her med familien hans og familien til den andre bestekompisen til pappa. dei tre er skikkelige barndomsvenner og snakkar om lærerinner dei hadde på skulen og når dei drakk seg fulle på heimebrent og saft for første gong. det er altfor varmt her og det er nesten så ein smeltar, eg badar ikkje(eg er redd for å bada i sjø for tenk om eg trakkar på fisk) men eg les og eg tar bilder og spelar ping-pong og drikk øl. her kostar det seks kroner per øl.før i går:
hungary.
i ungarn har dei sukkerpopcorn. dei ulike fargane har ulike smakar. ein klarar kanskje å eta fem før ein blir kvalm.

hungary.
han der fine på verandaen. me må ha lysa av for ellers kjem det tusen mygg. eg har fått myggstikk på ryggen i ei dødsone der eg ikkje kjem til sjølv.

hungary.
meg på verandaen.

i går:
hungary.
eg, han der fine & pappa sykla til kezhtely, som er ein liten by sju kilometer fra der me bur. det var superfine sykkelstiar ved sidan av togspora og me hadde rastepause for is og vatn. me sykla på skranglekassene til pensjonatet her me bur og han der fine sin sykkel var kaputt når me kom heim. i dag har eg så vondt i rumpa at eg ikkje klarar å sitta, nesten.

hungary.
i kezhtely åt me lunsj.

hungary.
her er pappa veldig glad med spaghetti i heile munnen, hihi.

hungary.
me reiste på slottsmuseet og der må ein ha på seg sånne flotte skoting. og nei, eg har faktisk ikkje strømpebukse på folkens!

der var det så fint:
hungary.
hungary.
hungary.
hungary
dette rommet hadde heilt fantastisk lys på grunn av dei raude fløyelsgardinene. og rommet innanfor er eit bibliotek med tusen meter under taket som pappa absolutt elskar.

hungaryhungaryhungary
og mange nydelege portrett av triste unge gutar og jenter.

hungary
han der fine + pappa. han der fine har olje fra sykkelen på leggen.

hungary
etterpå åt me dårlig is og han der fine skreiv litt. han skriv på ei essaysamling som nok blir finast i verda.

hungary
etterpå laga me middag heime. pasta og pølse og mozzarella og lauk og paprika.

hungary
paprikaen her er heilt kvit og fantastisk.
hungary
mini-mozzarella ser ut som pyttesmå egg og gjer magen min glad.

hungary
så sovna me og når me vakna var det på tide å pynta seg for å drikka vin på balkongen. som de sikkert skjønnar er dette eit veldig hakuna matata-liv som passar fint for dei fleste.


my first days in hungary. popcorn with different colours and tastes, wine on the balcony. yesterday my boyfriend, my father and i biked to a town nearby to go to a museum and eat ice cream. for dinner we had mini mozzarella with pasta and sausage and more wine on the balcony in the evening. ps: the surgeon who operated on my father called the day we got here and told us my father is cancer free. <3

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *