frukost.

i går åt eg og han der fine frukost på food story på grünerløkka.
breakfast out.
dei har ein fin bakgård der ein kan sitta og lata som om ein ikkje er midt i bygryta for ein time eller to. maten er økologisk og dei som jobbar der er så himla hyggelige.

breakfast out.
eg åt ein kickstart! det var yoghurt og honningrøsta müsli og nøtter, og fersk frukt. så. godt. fantastisk, nesten så eg må reisa dit igjen berre for å skjønna korleis dei gjer det.

breakfast out.
han der fine fekk amerikanske pannekaker og fekk litt kjeft for det var bacon der og me skulle ikkje eta kjøtt denne veka men det gjekk bra, han fekk vera med heim og sånn.

breakfast out.
hei finaste fin.

breakfast out.
og eg fekk ein kaffe som var supergod og ikkje for søt(som kaffe veldig ofte er i oslo).

breakfast out.
så gjekk me heim, skreiv pakkelister, jobba og skreiv og kosa og sånt som me alltid gjer. fint med ute-frukost. nesten så ein burde gjera det kvar dag.

også er det mange som lurer på korleis me kan ha råd til eta ute “så ofte”: me har fryktelig billig leige, me går aldri ut på byen ergo ingen dyre drinkar eller taxi heim, me kjøper sjeldan klede, og dei kleda me kjøper er av veldig god kvalitet(han der fine kjøper acne, filippa k, sonia rykiel, marc jacobs og andre fine designmerker, ofte på salg, som held i årevis) eller lav pris(eg kjøper vintagekjolar for ti dollar). me lagar superbillige middagar og veldig sjeldan halvfabrikata(i går: éin blomkål + ein kartong heilmjølk + krydder + ein baguett + to skjeier creme fraiche + champignon + ein gul lauk = femti kroner. for middag og kveldsmat til to personar. og dagen før der var middagen enda billigare, men samtidig supersunn og bra for kroppen). me et sjeldan kjøtt, både fordi det ikkje er bra men óg fordi det er dyrt. det er ein myte at ein ikkje får i seg nok protein fra andre kjelder, ein må berre planlegga og tenka litt lurt for å ha råd til dei små tinga ein har lyst på i kvardagen. så enkelt er det. okei, fryktelig rotete, men eg veit at det er mange som lurer på det.


yesterday i took my boyfriend out for breakfast. food story in thorvald meyers gt. i had yogurt with nuts and müsli and fruit, he had american pancakes!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *